Hopp til innhold

Har du sett Hurtigruten på ein uvanleg plass?

Hurtigruten plar aldri vere i Bud og Bjørnsund i Romsdal, men i dag tok ekspedisjonsskipet MS Fram turen. Skipet er innom små stader langs kysten som elles aldri får hurtigrutebesøk.

Hurtigruten i Bud

Fredag fekk Bud og Bjørnsund uvanleg besøk.

Foto: Terje Pedersen

Det var eit uvanleg syn då hurtigruteskipet ankra opp utanfor det fråflytta fiskeværet Bjørnsund i dag. Passasjerane som fekk gå i land var begeistra over det som møtte dei.

– Det er imponerande å vere her og eg vart overraska over det fine museet her, seier Roland Norget.

Ekspedisjonsskipet MS Fram plar vere både i Antarktisk og arktiske strok. Etter fire månaders sesong i Antarktis er skipet på veg til Tromsø.

Hurtigruten i Bud

MS Fram skal innom ei rekkje stader nordover langs kysten dei næraste dagane.

Foto: Hurtigruten i Bud

Verdas største på ekspedisjonscruise

Hurtigruten har tre slike skip og tronar som verdas største på ekspedisjonscruise i Arktis og Antarktis. Berre i år besøker skipa 180 reisemål i 22 land.

– Målet med reisa er først og fremst å vise helt spesielle norske stader, som er forskjellige frå til dømes storbyar som Tromsø og Bergen, seier ekspedisjonsguide Zabine Barth.

I det eksotiske fiskeværet ytst på Romsdalskysten, der historia framleis sit godt i veggane, fekk passasjerane lære blant anna om fiske.

Rune Thomas Ege

Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege seier at dei skal vise fram skjulte perler langs norskekysten.

Foto: Hurtigruten

Skjulte perler

Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege seier at det alltid er kjekt å kome til plassar langs norskekysten der Hurtigruten vanlegvis ikkje har anløp

– Vi skal vise fram skjulte perler og gå dit ikkje alle andre cruiseskip går, seier Ege. Hurtigruten synest også det er stas å vise fram skipa sine til lokalbefolkninga.

MS Fram skal blant anna innom Frøya, Vega, Træna, Lofoten, Andenes, Gryllefjord og Torghatten. Også ekspedisjonsskipet MS Spitsbergen går langs norskekysten neste veke.