Hopp til innhold

Hurtigruta blir kasta ut av Ålesund sentrum

I mars flyttar hurtigruteanløpet ut av Ålesund sentrum og til Flatholmen. Årsaka er ein krangel om avgifta på den nye terminalen på Skansekaia.

Hurtigruten - minutt for minutt

I mars flyttar hurtigruteanløpet ut av Ålesund sentrum og til Flatholmen.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Det skriv smp.no. Ifølgje avisa er Ålesund hamn og Hurtigruta i full krangel om avgifta på Skansekaia og hurtigruteanløpet blir difor flytta til Flatholmen 1. mars.

Bakgrunnen for flyttinga er at Hurtigruten mellom anna ikkje vil betale leie for det nye venterommet på Skansekaia.

Vil ikkje betale

Ifølge Stein Lillebo, kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten, er det snakk om ein leigepris på totalt 414.000 kroner i året, som kjem på toppen av dei 3,5 millionane Hurtigruta betalar i dag.

Hurtigruta ønsker å bruke hamna utan passasjerfasiliteter, men det let seg ikkje gjere, ifølge Ålesund hamn.

– Når ein har bygd eit venterom som skal vere primært for Hurtigruta's gjester, så burde det blitt bygd saman med hurtigruten. Å spørje oss om dette er noko vi er interessert i å betale for, hadde vore ein god start, seier Lillebo til avisa.

Har ein annan versjon

Hamnesjef Ole Christian Fiskaa har ein litt annan versjon av saka, og seier til lokalavisa at hamna har involvert Hurtigruta frå starten av.

– Det som var planen i samråd med Hurtigruta var å lage et opplegg som handterte både gods og passasjerar på ein trygg måte. Der ein skil passasjerar frå godset slik at vi unngår farlege situasjonar, seier Fiskaa.

Ifølge hamnesjefen vil det ikkje bli mogleg for Hurtigruta å bruke Skansekaia utan å ta i bruk det nye terminalanlegget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL