Hopp til innhold

Vart vekt av hunden då huset brann

Eit par i 20-åra i Ørsta vakna av at hunden bjeffa. Det kan ha berga livet deira.

Husbrann i Ørsta

Klokka 03.22 i natt mottok politiet meldinga om brannen. Sambuarparet kom seg uskadde ut av huset.

Foto: Arne Flatin / NRK

Brann i ørsta

Eit par i 20-åra i Ørsta vakna av at hunden bjeffa. Det kan ha berga livet deira.

Foto: Arne Flatin / NRK
Husbrann i Ørsta

Sambuarparet vart køyrt til legevakt for sjekk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var i 03-tida i natt at sambuarparet som bur i eit trehus like utanfor Ørsta sentrum vakna av hunden. Då dei stod opp merka dei røyk i gangen og deretter gjekk brannalarmen. Dei fekk med seg hunden ut og varsla brannvesenet.

– At dei kom ut frå huset uskadd, trur eg er takka vere hunden. Det meinar dei sjølve også, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Borge Amdam. Begge vart køyrt til legevakt for sjekk.

Brannvesenet kom raskt til staden og fekk sløkt brannen. Huset ligg for seg sjølv, og det var aldri fare for at den skulle spreie seg.

– Huset framstår som totalskadd. Seinare i dag vil politiet søke etter brannårsaka, seier Amdam.

Ørsta