Hopp til innhold

Denne fuglen kan imitere katten på garden

Staren er kjent for å herme etter lydar. På garden til Hans Erik Wold i Eide får katten gjennomgå når staren startar å mjaue.

Staren er kjent for å herme etter lydar. På garden til Hans Erik Wold i Eide får katten gjennomgå når staren startar å mjaue.

Staren har ei lang rekkje lydar på reportoaret.

Hans Erik Wold

Hans Erik Wold har stor glede av imitasjonane til starene.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Hans Erik Wold er omgitt av starer på garden sin i Bollia på Eide på Nordmøre. Ut i frå lydane her skulle ein tru at det budde ei rekkje med andre fuglar her også, men det er berre starene som har lært seg kunsten å imitere.

– På morgonen når vi kjem i fjøset stoppar vi opp og høyrer på sangen. Staren sit heilt att med oss og pratar, seier Wold.

Han har stor glede av å høyre kven staren hermar etter. I det eine augeblinken er det fiskemåsen, neste gong er det ei vipe eller ei kattugle.

Ungar og mobil

Katt på garden til Hans Erik Wold

Katten på garden vert terga av fuglane.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Trekkfuglen kan ha ei rekkje lydar i reportoaret, og kan ha lært lydane både på Nordmøre og i Storbritannia eller Frankrike. Det finst mange historier om kva lydar staren kan herme etter. Det kan vere alt frå skrikande ungar til bjeffande hundar, men også mobiltelefonar og bilalarmar.

Katten blir terga

Heller ikkje katten på garden slepp unna herminga. Staren mjauar og pus trur sjølvsagt at ein annan katt er på besøk.

– Dei tergar han, ler Wold.