Hopp til innhold

Hotell for dei aller minste

Kva gjorde Elin Ose Velle da ho fant ut kor dårleg det stod til med talet på bier i verda? Jo, kjøpte eit insektshotell. Og no planlegg ho å skaffe seg fleire.

Elin Ose Velle viser frem biehotellet

Elin Ose Velle visar fram biehotellet i hagen sin i Ørsta. – Det var barna våre som fortalde meg kor dårleg det stod til med talet på bier i verda.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Eg har plassert det her oppe i eit tre blant frukt og bærtre, seier Elin Ose Velle frå Ørsta på Sunnmøre, og visar fram biehotellet, som ligg eit lite stykke unna huset.

– Viss det blir mykje aktivitet her, så tenkte eg at det er greitt å ha det litt unna altanen.

På den tre mål store tomta er interessa for det som spirer og gror over middels. Her er det bær og frukttre og mange typar blomster busker og tre som dei håper humle og bier vil vere med å halde i live.

(Saka fortsett under bilete)

Elin Ose Velle utenfor huset sitt

– Eg er glad i naturen, så det er klart vi må bry oss, seier Elin Ose Velle.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Spent på kven som vil bu her

Dei siste åra har humlebestanden blitt mindre. Berre i Noreg har 12 bieartar blitt utrydda sidan 40-talet. Humlene og biene er kjempeviktige i arbeidet med å pollinere vanlege blomar og viktige matartar som korn og frukttre.

Biehotell

Inne på Hageland i Ålesund finn ein fleire insektshotell.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Barna våre er veldig opptatt av balansen i naturen, og når vi tilfeldigvis kom over eit slikt insektshotell så kjøpte vi det. No har eg blitt veldig glad i det, og er spent på kven som vil komme og bu her.

Insektshotellet er 60 cm høgt og 40 cm bredt. Det er forma som eit hus, med fleire bur, med gitter, kongler og piper i tre.

– No har vi i alle fall gjort pittelitt for å betre situasjonen, seier ho og er spent på om dei får noko resultat, seier Velle.

Ho er ikkje redd for å få bier og humle rundt seg og planlegg å kjøpe fleire biehotell.

– Eg er glad i naturen, så det er klart vi må bry oss.

Ho såg NRK-programmet: Tøffe tider for blomsten og bia, og syns det var flott at Kongehuset gjer noko med å la blomsterenger rundt Slottet få vekse. Sjølv har ho tenkt tanken om ho skal lage blomstereng rundt skråninga på eigedomen.

– Men eg trur ikkje eg hadde vore så populær i nabolaget om det skjer, så vi får sjå, smiler ho.

(Saka fortsett under bilete)

Gartnar Bent Sydsæther

– Mange seier dei ikkje vil ha det på terrassen sin, fordi dei er livredde for dei, seier gartnar Bent Sydsæther.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Mange er livredde dei

Inne på Hageland i Ålesund står det insektshotell i fleire størrelsar og variantar, men ifølgje gartnar Bent Sydsæther blir ikkje så mykje selt av dei.

– Mange seier dei ikkje vil ha det på terrassen sin, fordi dei er livredde for dei. Og så trur eg ikkje folk veit kva dette er for noko, og kanskje ikkje er bevisste på korleis situasjonen er.

På felleskjøpet i Ålesund derimot stor det berre eit insektshotell igjen.

– Dei andre har blitt selt, seier butikkseljar Marit Gjerdsbakk.

Ho opplever at kundane har blitt meir bevisst på å legge til rette for at humle og bier skal trivst.

Samlivet mellom blomsten og bia skranter. Livsviktige blomster og insekter forsvinner. Verdens matvareproduksjon står i fare om ikke verdens befolkning ser at noe må gjøres. På Slottet har de hørt nødropet fra blomsterenga, og gjør nå sitt for å bidra til en verdensomspennende redningsaksjon sammen med en fiskebonde i Romsdal og et par fjellbønder på Møre.
Søstrene Marie, Jenny og Karoline Lønnve er på kurs i Botaniske hage i Oslo saman med mange andre born og vaksne, for å lære seg å bygge insektshotell. Dei bygg eit insektshotell ved å fylle ei hul stubbe med hule kvistar, og borer ekstra hol i stubben.