Hopp til innhold

Hoppa i fallskjerm frå Gjemnessundbrua

Politiet rykka ut etter at ein person hoppa i fallskjerm frå eitt av tårna på brua. Klokka 21 avslutta politiet søket.

Gjemnessundbrua

Arkivbilete. Gjemnessundbrua er ei hengebru som krysser Gjemnessundet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gjemnessundbrua

Brua er ein del av E39, og ein del av Krifast, fastlandssambandet til Kristiansund.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ein bilførar observerte ein mann som hoppa frå eine tårnet på Gjemnessundbrua mellom Gjemnes på fastlandet og Bergsøya torsdag kveld.

– Personen skal ha utløyst ein fallskjerm og det gjekk ikkje lange tida før hopparen vart borte for bilføraren, fortel operasjonsleiar Frode Gjøsund i politiet.

Ingen har sett han sidan. Både politi og to ambulansar rykka til brua.

– Vi sjekkar no i sjøen og på land i området rundt. Vi håper at han ikkje har landa i sjøen, men så langt ser det ikkje slik ut. Då hadde vi nok sett ein flytande fallskjerm, seier Gjøsund like før klokka 21.

Kort tid etter opplyser politiet på Twitter at dei avsluttar søket.

Laster Twitter-innhold

Klatra i toppen av brua

Gjøsund fortel at hopparen kan ha landa på mark, for å så pakka saman og dratt heim. Men politiet ville vere sikre på at personen ikkje har skada seg. Etter å ha leita i området fann dei ingen. Hopparen kan ha reist før politiet kom fram.

– Vi må kjenne oss trygge på at hopparen ikkje har landa i sjøen. Det er ein mann ute i båt for å leite, og også fleire som bur i området saumfarar land, fortalte operasjonsleiaren under søket.

– Målet vårt er å sjekke om nokon treng hjelp.

Gjøsund seier at hopparen må ha klatra og balansert på utsida av brua. Ikkje heilt trygt.