Hopp til innhold

Høie: – Naturleg at styreleiaren trekte seg

Helseminister Bent Høie seier styreleiaren i Helse Midt-Noreg trekte seg på grunn av grunnleggande usemje om alvoret i situasjonen i helseføretaket og vegen vidare.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie seier det ikkje var unaturleg at Styve Holte gjekk av som styreleiar.

Foto: NRK

– Vi hadde fleire samtalar gjennom helga og dei viste at det var grunnleggande usemje mellom meg som eigar og henne som styreleiar. Vi var usamde både om alvoret i situasjonen og om vegen vidare, seier Høie til NRK.

Han seier det var denne usemja som var bakgrunnen for at Marthe Styve Holte valde å trekkje seg måndag.

– Det er heller ikkje unaturleg at ho valde det når det er så grunnleggande usemje mellom oss som det var i denne saka, seier han.

Fekk varslingsbrev

Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen

Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen valde begge å gå forlate Helse Midt-Noreg denne veka.

Foto: Helse Midt

Det har vore store uro i leiinga i helseføretaket, som denne veka altså toppa seg med at både styreleiaren og administrerande direktør Trond Michael Andresen gjekk frå føretaket. Striden har stått om direktøren sin leiarstil og styreleiaren si handtering av konflikten.

Like før helga fekk departementet eit varslingsbrev frå dei tillitsvalde i Helse Midt-Noreg. I brevet skildrar dei tilsette store samarbeidsvanskar med direktøren og viser til at dette er tatt opp med styreleiaren gjentatte gongar. Høie seier dei tok informasjonen i brevet svært alvorleg.

– Det var ei alvorleg varsling som fekk status som ei varslarsak, seier han.

Seier ho blei beden om sparke direktøren

Marthe Styve Holte har at det blei uråd for henne å halde fram som leiar når ho opplevde at ho blei instruert av statsråden om å sparke direktøren. Ifølgje henne var kravet frå Høie at dette skulle skje i løpet av ei veke.

– Eg kjem ikkje til å gå inn på detaljane i desse samtalane ut over at det blei meir og meir tydeleg at vi var grunnleggande usamde om alvoret og om kva som skulle til for å rette opp i det, seier Høie.

– Brevet blei sendt til departementet før helga. Har de vore kjende med konflikten også før det?

– Varslingsbrevet omtalte gjentatte uromeldingar, så dette er jo noko som har pågått over tid. Eg vil ikkje gå inn på kor lenge vi har vore kjent med dette, seier Høie.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Marthe Styve Holte om kommentaren frå statsråden.