Hopp til innhold

Høge temperaturar har sett fart i fjellmassivet Mannen igjen

Geologane ventar spent på om det no blir varmare sommarvêr dei neste dagane. Høgre temperaturar har sett fart i fjellmassiv Mannen igjen, og kryp gradestokken vidare oppover, er det på nytt fare for at det store skredet kjem.

Mannen

Geologane følgjer ekstra nøye med temperaturane dei neste dagane for å sjå om rørslene i Mannen aukar igjen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Sjølv om mange har klaga på mangel på sommarvarme, er det nettopp høgre temperaturar som den siste veka har sett fart i enkelte parti av dei lause fjellpartia på fjellmassivet Mannen i Romsdalen.

Lars Harald Blikra

Seksjonssjef for Fjellskredseksjonen, Lars Harald Blikra, i NVE.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ifølgje Adressa er no rørslene i fjellpartiet Veslemannen oppe i 2,5 millimeter i døgnet, og den siste veka skal fjellet ha bevegd seg 9,8 millimeter. Dermed følgjer geologane igjen nøyare med på situasjonen.

– No bevegar det seg ein del i dei øvre delane, men framleis er vi i ein normalsituasjon, seier seksjonssjef for Fjellskredseksjonen, Lars Harald Blikra, i NVE.

Dermed er situasjonen framleis "grøn", og det betyr mellom anna at politi og kommune ikkje er varsla enno.

Mannen

- Ikkje langt igjen til "gult nivå"

Men dersom det no blir varmare i dagane framover kan det også bli endå større rørsler. Dette har geologane sagt i heile vinter, og venta på. Men Blikra seier det er vanskeleg å seie korleis utviklinga kjem til å bli.

– Dersom du får varme og nedbør i tillegg, vi såg det i fjor haust at dette var ganske mykje styrt av nedbør, og at ein får vatn ned i fjellsprekkene, seier Blikra.

– Kor mykje større rørsler skal det bli, før de sett i verk tiltak?

– Det er ikkje så veldig langt igjen før vi er over i "gult nivå", ei førebuingsfase for politi og kommunar, men det kjem heilt an på temperaturane dei neste dagane, seier Blikra.

Les også:

Følgjer med kontinuerleg

Nyheita om at deler av Mannen truleg kom til å rase ut, skapte unntakstilstand i Rauma i fjor haust. Innbyggjarar blei evakuerte, toget stoppa og mediefolk frå inn- og utland kom til Rauma for å sjå på når fjellet rasa. Ekspertar har tidlegare sagt at så mykje som 12 000 lastebillass med stein kan kome dundrande ned fjellsidene.

Men i staden for å rase ned, stabiliserte fjellet seg igjen. Rørslene dei siste dagane har gjort at ekspertane igjen følgjer med på det avanserte måleutstyret.

– Vi følgjer rørslene kontinuerleg slik vi har gjort heile året, men no sjekkar vi data litt oftare for å ha endå betre kontroll sidan rørslene har auka på, seier han.

Mannen - anundsen

Journalistar frå inn- og utland følgje situasjonen ved fjellet Mannen sist haust.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK