Dette inneber at Kristiansund førebels held fast på andreplassen på tabellen, ein plass som gjev direkte opprykk til eliteserien om dette held seg til årets siste kamp i divisjonen er spelt.
Hødd ligg på fjerdeplass, og har eit solid grep om kvalifiseringsplassen.
Sogndal tronar øvst på tabellen, etter at laget til slutt klarte å slå Follo 2-1 søndag. Brann heng framleis med, etter 3-2-siger borte mot Strømmen. Også Ranheim ligg inne på kvalifiseringsplass, etter å ha slått Nest-Sotra 2-1 borte.
Det er svært jamt i denne ligaen. Frå fjerde til 9. plass skil det no nøyaktig 10 poeng.
Her er kortfatta kampfererat i form av scoringar, bytte og eventuelle gule og raude kort frå kampen Hødd-Bryne:
Her får du tilsvarande oppdateringar frå kampen Kristiansund - Levanger: