Hopp til innhold

Hødd og KBK kjempar vidare for eliteseriespel

Kristiansund BK tapte med eit surt sjølvmål søndag ettermiddag, og sjansen for direkte opprykk er dermed minimal. Men laget gir neppe opp draumen om eliteseriespel. Det gjer heller ikkje Hødd.

KBK / Hødd

Både KBK og Hødd kjempar vidare for eliteseriespel.

Foto: NRK og Scanpix / Montasje

Kampen om opprykk til eliteserien er framleis ikkje avgjort, men KBK ligg no på 3.-plass medan Hødd bekler 6.-plassen. Dermed er situasjonen endå meir uviss for dei to 1. divisjonslaga etter søndagens runde.

Kristiansund BK låg på sikker 2.-plass, men etter to tap er no sjansen for direkte opprykk bortimot minimal.

Avgjorde med sjølvmål

Kampen mot Åsane var i praksis avgjort etter ein halvtime, då heimelaget sikra seg 1–0. Den leiinga miste dei aldri, men la på til 2–0 ved sjølvmålet til KBK-spelar Dan Peter Ulvestad.

Neste kamp er allereie onsdag mot Sogndal.

Hødd vann mot Fredrikstad

Sindre Eid

Hødd-trenar Sindre Eid seier alt kan skje i løpet av dei siste kampane.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Betre gjekk det for Hødd søndag ettermiddag. Dei scora først eitt mål, som blei utlikna, før Hødd la på til to mål, og vann. Trenar Sindre Eid syns det er flott.

– Eg syns vi spelar ein god fotballkamp. Vi spelar best, skaper mest og vinn fullt fortent.

– Klarer de å sikre kvalifiseringsspel?

– Ja, no ligg vi på kvalik, vi har to poeng til 3.-plassen, så det er i våre hender. Vi må ha ein siger til for å sikre kvaliken, og den håper vi å ta heime mot Strømmen til helga, seier han.

Har ikkje gitt opp håpet om 1. divisjon

Hødd ligg altså på 6.-plass i det to kampar står igjen, den første mot Strømmen neste veke, deretter mot Brann 1. november. Eid seier han ikkje har gitt opp draumen om eliteseriespel.

– Nei, kjem det ein playoff så blir det cupspel, og i cup kan alt skje. Men vi får no først og fremst sikre den playoffplassen, no får vi bruke veka godt, og kan avgjere det sjølv heime på Høddvoll. Det er eit godt utgangspunkt for oss, seier han.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå KBK-trenar Christian Michelsen søndag kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL