Hopp til innhold

Historisk teppe på Aukra

Fjorten kvinner broderte eit teppe med tretti ruter. Alle signerte ved å brodere inn namnet sitt.

Broderi Aukra

Eit hundre år gammalt teppe kom til sin rett i samband med Gossen bygdekvinnelag si markering av stemmerettsjubileet.

Foto: Gerd Nerbø

Hundre år etter er teppet eit viktig element under Gossen bygdekvinnelag si 100-årsmarkering for kvinnene sin stemmerett.

Kvinnebroderi Aukra

Det heilt spesielle teppet er utstilt på Løvikremma i Aukra, saman med ein del gamle bilde av kvinner.

Foto: Gerd Nerbø

- Teppet er brodert på den tida stemmeretten vart innført. Derfor brukte vi det på utstillinga laurdag, saman med ein del fotografi av kvinner. Vi fekk svært gode tilbakemeldingar frå dei 70 frammøtte, seier Eva Husøy, leiar i Gossen bygdekvinnelag.

Omfattande detektivarbeid

Dei hadde eit vellykka arrangement på Løvikremma laurdag, med kåseri, sang og musikk. Og ikkje minst ei spennande utstilling.

Eva Husøy fortel til NRK at det har vore gjort eit omfattande detektivarbeid for å finne ut kven dei broderande og signerande kvinnene er. Dei har greidd å skaffe bilde av 11 av dei 14 kvinnene.

- Det er kjekt å sjå korleis dei var kledde. Og så var det artig for etterkommarar og slektningar å sjå likheitstrekk til seg sjølve, seier Eva Husøy.

Kvinnene som broderte teppet var fødde mellom 1892 og 1897, og budde på Aukra:

  • Bertha Rønstad
  • Anna Blomsnes
  • Anna Varhaugvik
  • Marie Varhaugvik
  • Olga Hoksnes
  • Anna Nautnes
  • Emilie Hoksnes
  • Kristine Varhaugvik
  • Olga Hukkelberg
  • Marie Eikrem
  • Sigrid Eikrem
  • Emma Eikrem
  • Matea Klauseth
  • Marte Varhaugvik

Teppet vart innlevert til Romsdalsmuseet i 2011, og no kom det altså til god nytte under markeringa av stemmerettsjubileet i Aukra.