Hopp til innhold

Historieundervisning i Aksla

I dag fekk nokre av elevane i niande klasse ved Blindheim ungdomsskule i Ålesund ei historieundervisning litt utanom det vanlege.

Edgar Haugen

HISTORISK OMVISING: Edgar Haugen viser elevane ved Blindheim ungdomsskule dei gamle bunkerane inne i Akslafjellet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Pass på når dykk går ned trappa, det er litt trongt akkurat her, seier Edgar Haugen.

Det var historieinteresserte Haugen som i dag viste spente niandeklassingar frå Blindheim ungdomsskule rundt i Akslafjellet.

Edgar Haugen

AUGEOPNAR: Elevane fekk sjå alle dei ulike romma inne i Akslafjellet, og Haugen lærte dei om historia til festninga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Kva trur dykk det kosta å bygge dette? Det er snakk om milliardar, på noko eg synst er unødig bruk av pengar, seier Haugen

– Krig er rot, og rot er krig. Det er noko vi burde ha i hovudet heile tida, legg han til.

Festninga som blei bygd på 1940-talet har tidlegare fungert som kommandosentral for tyskarane under andre verdskrig.

I ettertid har det også blitt nytta av blant anna det norske forsvaret og sivilforsvaret.

Lokalt perspektiv

– Det var mange av elevane som ikkje visste at noko som dette fanst her i Ålesund. Ålesund og Sunnmøre var viktige knutepunkt for båttrafikken under andre verdskrig. Det er viktig å vise elevane at krigen også var her i Ålesund, seier Hallgeir Buset, lærar ved Blindheim ungdomsskule.

Hallgeir Buset

LÆRE AV FORTIDA: Hallgeir Buset tykkjer det er viktig at elevane lærer om den lokale historia.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dagens omvising i Akslafjellet er ein del av eit større prosjekt om andre verdskrig, og skal gje elevane ei lokal forankring til krigen og historia knytt til den.

– Det handlar om menneskerettar og menneskeverd, og det er difor viktig at elevane får ei innsikt i det som faktisk har gått føre seg her, seier Buset.

Praktisk læring

Gruppevis fekk elevane ei omvising inn i dei skjulte områda i Aksla. Inne blant tunnelar, bunkerar, radiorom og gamle sjukestover skulle elevane få lære om krigen og historia til Ålesund. Buset trur elevane kan få større nærleik til historia ved å lære på denne måten.

– Dei kunne sjølvsagt lest om det i bøker. Men gjennom å sjå det og vere her, bidreg det til å skape eit tydelegare bilete av det som har skjedd her, og kva det har blitt brukt til. Det å ta på ting som har vore der sidan 1940-talet, og sjå det med sine eigne auge gjer inntrykk, seier læraren.

Lære av historia

For han er det viktig at elevane kanskje kan lære av historia.

– Vi vil vise at dette er noko av det som kan skje dersom vi ikkje lærer av fortida. Alle menneske er like mykje verdt, og dersom vi gløymer det, så kan dette også skje i framtida. Vi er nøydd til å lære historia for å kunne sjå framover, seier Buset.

Ein augeopnar

Sara Akslen Madeleine Rye

LÆRERIKT: Dei to niandeklassingane tykkjer det var interessant å lære om historie på ein meir praktisk måte.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Elevane fekk ei lekse dei ikkje gløymer med det første. Sara Akslen og Madeleine Rye var blant niandeklassingane som i dag fekk utforske Aksla.

– Nokre stadar var det trongt, og så var der mange trapper. Men det var veldig spanande og lærerikt. Det var bra at vi fekk lov til å gå inn sjølv, og ikkje berre lese om det på skulen, seier Akslen.

Akslen får medhald av venninna si Rye, som òg synst det var ein spennande skuledag.

– Eg er einig. Det var veldig interessant å sjå korleis det såg ut. Då kunne ein nesten førestille seg korleis det var å vere der inne, seier Rye.

Dei to jentene var einige om at det var viktig å lære om historia på denne måten.

– Eg tykkjer det er veldig viktig å lære om krigen på denne måten. Eg visste at her var nokre bunkerar, men eg visste ikkje at det var så stort, seier Rye.

– No får vi sjå det med eigne auge. Då blir det med ein gong mykje meir ekte, og ein forstår det på ein anna måte, seier Akslen.

telefon

HISTORIE: Inne i Akslafjellet fann ein fleire historiske gjenstandar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK