Hopp til innhold

Hero opnar desentralisert asylmottak i Kristiansund

Selskapet Hero og direktør Tor Brekke ønskjer å etablere fleire nye asylmottak i Møre og Romsdal. No er dei i sluttforhandlingar om eit desentralisert mottak i Kristiansund.

Tor Brekke

Tor Brekke, direktør i Hero, vil ha 150 personar spreidd i Kristiansund.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det vil seie 150 personar spreidd rundt om i husvære i Kristiansund. Planen er å opne før jul. Direktør i Hero, Tor Brekke, seier dei har sondert Kristiansund i fleire år.

Den store flyktningstraumen som no er til Noreg, gjorde at planane blei aktuelle igjen. For også i 2013 hadde Hero eit tilsvarande tilbod klart i Kristiansund. Men då blei det ikkje noko av, fordi behovet for nye mottaksplassar blei mindre.

Desentralisert tilbod

No er behovet stort igjen, og Hero kan ta fram igjen planane og eit desentralisert tilbodet.

Det vil seie at Hero går ut på marknaden, og leiger einebustader og husvære til dei kjem opp i 150 plassar. Dette i staden for å samle alle på ein stad.

– På mange måtar gir dette ein betre busituasjon for asylsøkarane. Dei lever meir normalt og kan lettare ha privatliv enn i eit stort institusjonsbygg, seier Tor Brekke.

Han meiner det gjer det lettare å kome i kontakt med nabolaget, bli kjent med nordmenn og praktisere norsk.

Hero-direktøren vedgår at med tanke på oppfølging og tilsyn er denne buforma meir krevjande.

– Men dette er personar som er vant til å bu for seg sjølv, kjøpe og lage sin eigen mat, halde reint også vidare.

– Folk forstår at vi må hjelpe

Flyktningtenesta gjorde gode erfaringar då dei gjekk ut på den private leigemarknaden i Molde, og mange melde seg. Brekke trur også dei som bur i Kristiansund er opne og tar godt imot flyktningar.

– Hero har opplevd det same i Kristiansund som elles i landet. Folk forstår at vi må hjelpe og skaffe innkvartering til folk som flyktar frå reell nød og krigshandlingar, seier Brekke.

Hero har ambisjonar om å starte fleire mottak i Møre og Romsdal, men direktøren kan førebels ikkje seie kvar dei skal vere.