Hopp til innhold

Her tar han hurtigrutetur nr 1000

Jan Arild Hagen frå Ålesund elskar hurtigruta. Så mykje at han i dag er på tur nummer 1000.

Jan Arild Hagen

Jan Arild Hagen er det ein kan kalle for ein ekte hurtigrtuteentusiast. No er han på sin hurtigrutetur nummer 1000.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Turen frå Bergen til Ålesund i natt har vore heilt spesiell for ein av passasjerane om bord i hurtigruteskipet MS «Midnatsol». 70 år gamle Jan Arild Hagen har nemleg loggført alle turane han har tatt med hurtigruta og dette er tur nummer 1000.

Sat ved kapteinens bord

Jan Arild Hagen

Tur nummer 1000 blir markert med kake.

Foto: Gunhild Sætre / NRK
Jan Arild Hagen

På tur nummer 1000 har Hagen med seg eit TV-team på slep, som lagar innslag om han til Norge Rundt.

Foto: Frode Berg / NRK

I går kveld hadde Hagen hedersplassen under middagen ved kapteinens bord om bord i hutigruteskipet MS «Midnatsol». Stemninga var lystig og 70-åringen kunne fortelje mang ei historie om turane han har vore med på.

Den aller første turen var i 1957. Då reiste han frå Ålesund til Bergen med MS Ragnvald Jarl for å dra til ein tannlegespesialist. Med åra har det blitt over 580 turar med hurtigruta frå Ålesund til Geiranger. Han kjenner også ruta mellom Ålesund og Bergen ekstremt godt. Det har blitt mellom 60 og 70 turar på den strekninga også. Han kan namnet på kvart eit fyr og kvar ei lykt mellom Bergen og Kirkenes.

– Det er ein vakker kyst vi har og det er koseleg å reise. Det gjeld å ha augene oppe alle plassar, seier Jan Arild Hagen.

Jan Arild Hagen

Om bord i Midnattsol blir Jan Arild Hagen sin hurtigrutetur nummer 1000 markert. F.v.: Svein Rørstad, hotellsjef Per Øyvind Dahl, Jan Arild Hagen og kaptein Bjørn Ivar Pedersen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Stampassasjer

Alle tilsette i Hurtigruten kjenner ålesundaren og om bord er det også mange av passasjerane som veit kven Hagen er. 60 medlemar av venneforeininga til Hurtigruta er om bord og stadig vekk kjem dei bort og gratulerer Hagen med tur nummer 1000. Dei fleste blir svært imponert.

– Den første gongen eg reiste, tenkte eg ikkje så langt at eg ein gong kom opp i 1000 turar. Det berre vart slik, ler sunnmøringen.

Barndomsvennen Arve Rogne forteller at hurtigruteentusiasten Jan Arild Hagen alltid har vært opptatt av båter og båtliv

Stor velkomst i Ålesund

Han har med seg den finaste dressen til turen. Den vart ikkje brukt under middagen med kapteinen, men vart derimot brukt då han segla inn til heimbyen Ålesund laurdag morgon.

Då vart hurtigruteentusiasten møtt med både korpsmusikk frå Aalesunds Ungdomsmusikkorps og song frå Mannskoret Dovre.

Vidare gjekk ferd nummer 1000 til Hjørundfjorden, før MS «Midnatsol» sette kursen mot Trondheim.

Jan Arild Hagen ble kåret til tidenes passasjer.
Lørdag møtte det opp tusenvis av mennesker for å ta imot MS Sjøkurs da det kom til Ålesund med NRK ombord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL