Hopp til innhold

Her har dei kalla ut brannvesenet

Jordras, elver som går over breiddene sine og overfløymingar pregar inngangen til helga. I Hareid har fleire hus fått vatn i kjellarane og brannvesenet har rykt ut.

Flaum i Hareid

Det er store mengder med vatn i Hareid i kveld. Fleire har fått vatn inn i husa.

Fredag kveld er mannskap frå brannvesenet og Hareid kommune ute og gjer det dei kan for å unngå at vatnet skal renne inn kjellarane til folk.

– Ei elv har gått over breiddene sine og vi prøver å avgrense skadane, seier Nils Nupen.

Han er brannbefal i kveld og leiar for kommunalteknisk avdeling. Til saman har seks hus fått vatn inn i kjellarane sine.

Jordras

Tidlegare i kveld gjekk det eit jordras mellom Hareid og Brandal, men det er no rydda opp og vegen er heilt open for trafikk. Hareid kommune har ute ca. 15 mann, gravemaskin, lastebil og brannbil som skal hindre at vatnet gjer store skader.

– Vi håper at regnet skal roe seg. Det ser ut som om at det minkar, seier Nupen.

Flaum i Ålesund

Også Ålesund brannvesen har vore ute i fleire flaumoppdrag i dag. Mange har fått kjellarane fulle av vatn.

– No sender vi mannskap frå Sula og Ålesund for å hjelpe til i Hareid, seier Paul Ola Vestre på 110-sentralen.

LES OGSÅ:

Regnet held fram

Det er spesielt på Sunnmøre at regnet har hølja ned det siste døgnet. Det har ført til jordras og stengde vegar fleire plassar. Vervarslinga melde 120 mm nedbør på 36 timar i Møre og Romsdal. Flaumvarselet står på gult, og over heile fylket har det i dag vore stor flo.

Regnet skal halde fram gjennom helga, men det blir ikkje like mykje.

– Frå fredag kveld får vi ein ny type luftmasse. Det blir kjøligare og meir bygevêr, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli.

Sidan det vert lågare temperaturar kryp også snøgrensa lågare ned. I Indre strok kan snøen kome heilt ned i fjøresteinane.

I ytre strok vil nedbøren kome som regn og haglbyer. Og det er ingen betring i sikte. Også måndag og tysdag blir prega av bygevêr.