Hopp til innhold

Her blir vegen stengd når Åkneset rasar i havet

Statens vegvesen planlegg no kva for vegar som må stengast når alarmen varslar at fjellskredet frå Åkneset rasar ut i fjorden.

Sjøholt

STENGER VEG: Her på Sjøholt i Ørskog kommune er ein av stadane vegvesenet vil stenge vegen når alarmen om skredet frå Åkneset går.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er eit omfattande arbeid. Ingen veit når det store raset går i fjorden. Men når 54 millionar kubikkmeter rasar ut, og flodbølgja kjem, må beredskapen vere på plass.

Under ein konferanse i Ålesund tysdag informerte Fylkesmannen alle aktørane som er involvert i beredskapsarbeidet for dei tre ustabile fjellpartia i fylket: Åkneset, Hegguraksla og Mannen.

Her blir vegen stengd

Saman med NVE, politiet og kommunane har Fylkesmannen gått gjennom beredskapsplanane. No er det opp til vegvesenet å avgjere kva for veg- og ferjestrekningar som må stengast når fjellraset frå Åkneset kjem.

Ole Jan Tønnesen

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Ole Jan Tønnesen, fortel om eit omfattande beredskapsarbeid.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er eit omfattande puslespel. Vegvesenet vil stenge i alt 17 ferjekaier og delar av riks- og fylkesvegnettet rundt Storfjordsystemet.

– Det strekk seg heilt ifrå når vi skal starte stenginga i forhold til evakuering og skadeførebyggande arbeid og fram til skredet går og korleis vi skal handtere skadane i ettertid, fortel Ole Jan Tønnesen i vegvesenet.

Vegvesenet går ut ifrå at flodbølgja kjem til å utradere ferjekaiene på Hellesylt og i Geiranger. Bølgja vil også skylje over alle dei andre ferjekaiene langs Storfjorden, men på desse kaiene er det ikkje sannsynleg at skadane blir like store.

Fylkesmannen sin beredskapskonferanse i Ålesund om skredutsatte fjellområde

Under ein konferanse i Ålesund tysdag informerte Fylkesmannen alle aktørane som er involvert i beredskapsarbeidet.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Tønnesen fortel at dei lærte mykje då faren for skred frå Mannen i Rauma blei heva til ekstremt. Dei lærte blant anna at det kan ta lang tid frå alarmen går til det faktisk skjer noko.

Samarbeid

Også vegar vil merke konsekvensane av kjempebølgja. Blant anna E39 ved Sjøholt.

Kjell Haukeberg, senioring. Statens vegvesen

Senioringeniør i vegvesenet, Kjell Haukeberg, seier at dei samarbeider med blant politiet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi planlegg å stenge vegen i Solnør-området i Skodje og på Sjøholt for å avgrense trafikken slik at det er trygt, seier Kjell Haukeberg, senioringeniør i vegvesenet.

Vegvesenet er berre ein av mange viktige samfunnsaktørar som i år skal legge endelege planar og samordne seg for å handtere skadane etter Åknesraset.

– Vi treng å få på plass planverket for å komme i gang med øvingar slik at vi er førebudd på at dette kan skje i framtida, Haukeberg.

– Kva er det verste tidspunktet for skredet?

– Det hadde vore ei vinternatt med dårleg vêr. Eller midt på sommaren når det er mykje turistar i området, seier senioringeniøren.

Politiet sit med ansvaret for å evakuere område der det er fare for liv. Men det er kommunane sjølve som bestemmer å evakuere bygder som kan bli veglause.

Områder som blir berørt når Åknes raser i fjorden
Foto: Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL