Hopp til innhold

Har du sett desse kjærleikslåsane?

Over heile verda fester forelska par hengelåsar til bruer som eit symbol på evig kjærleik. No har låsane, såkalla «love locks», funne vegen til Noreg og Ålesund.

Harald Grytten

Harald Grytten, her med den karakteristiske krakken, syns at hengelåsane er eit artig innslag.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX
Hengelåser på Hellebroa i Ålesund

Hittil er det berre tre låsar på Hellebroa. Harald Grytten håpar at det vil kome fleire.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Du finn hengelåsane langs rekkverket på brua Pont des Arts over Seine i Paris. Også i Riga kan du sjå kjærleikslåsane. No har fenomenet dukka opp på Hellebroa i Ålesund.

Tradisjonen går ut på ta med seg ein hengelås, og i tillegg kjærasten, for å så feste låsen til brua. Mange skriv også på ei helsing. Til slutt kastar paret nøkkelen ut i elva, medan ein håpar på evig kjærleik.

Ønskjer hengelåsane velkommen

Harald Grytten, byhistorikar i Ålesund, ser på fenomenet som artig og spennande.

– Det at vi har fått hengelåsar på Hellebroa er artig, sjølv om det hittil berre er tre låsar. Det er morosame påfunnet kan verte ein ny attraksjon i byen, og det hadde vore stas, seier byhistorikaren.

Grytten vekslar mellom latter og prat, og det er tydeleg at han ønskjer fenomenet velkommen til Ålesund.

– Det hadde vore kjempestas å sjå Hellebroa pynta med fargerike hengelåsar, seier Grytten.

– Kan bli eit problem

Hjerter i Kjærlighetsstien i Cinque Terre i Italia.

Marit Brunstad tok biletet til venstre i 2001, og det til høgre i 2012. Ho meiner at dette viser kva som skjer når fenomenet tar av.

Foto: Marit Brunstad

Marit Brunstad frå Ålesund har sett dette fenomenet fleire stader i Europa. Sist var på «Kjærlighetsstien» i Cinque Terre i Italia. Ho meiner at låsane kan tilby meir enn fryd og gammen.

– Eg veit at desse kjærleiklåsane har blitt eit problem fleire stader. Enkelte stader har det blitt forbode å feste låsane fordi bruene har tatt skade av dei ekstremt store mengdene, seier Brunstad.

Eit eksempel på dette er brua Ponte Vecchio som går over elva Arno i Firenze. Brua, som er den eldste bogebrua i Europa, vart skada av hengelåsane. No er det forbode å feste kjærleikslåsar på brua, og dei som prøvar seg vert straffa med bot.

Stammar frå kinesarane

Hengelåser på Pont des Arts i Paris

På brua Pont des Arts, som går over Seinen i Paris, er overlessa av «love locks».

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Byhistorikaren fortel at den spesielle kjærleikstradisjonen skal stamme frå Kina. Wikipedia støttar Grytten, og forklarar vidare at mange henger opp slike låsar fleire stader, og oftast langs den kinesiske muren.

Myten seier at viss eit par fester hengelåsen på muren, skal kjærleiken deira vare like lenge som muren sjølv. Ei god stund, altså.