Hopp til innhold

Kan halde bruk av genfôr til laks hemmeleg

Det er berre eit tidspørsmål før norske oppdrettsanlegg må ta i bruk genmodifisert fôr til oppdrettsfisk. Det hevdar Miljøvernforbundet. Men Mattilsynet lar oppdrettarane halde bruken hemmeleg.

Laks i mære

Norske forprodusentar har fått dispensasjon til å bruke genmodifiserte organismar i fiskefor.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Kurt Oddekalv

Kurt Oddekalv reagerer sterkt på at norsk oppdrettslaks kan kome til å få genmodifisert for.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Det er mangel på råstoff til for til ei oppdrettsnæring i kraftig vekst. Årsaka er at meir og meir av fiskemelet vert brukt til menneskefôr.

No kastar fôrprodusentane augene sine mot genmodifisert mais, raps og soya.

Mattilsynet har godkjent bruk av 19 ulike produkt som inneholder genmodifiserte organismer til bruk i fôret til oppdrettsfisken.

– Eg tykkjer det er uhyrleg at Noreg skal sleppe dette gjennom. Det norske folket bør gå mann av huse og seie nei til dette, seier naturvernar Kurt Oddekalv.

– Sei nei

– Dersom oppdrettarane tar i bruk GMO i fiskefôret, må forbrukarane svare med å ikkje velje laks til middag.

Det seier Terje Traavik, som er professor i gen-økologi ved Universitetet i Tromsø. Traavik er også medlem i den norske Bioteknologinemda.

– Eg meiner det er ein ualminneleg dårlig ide å ta i bruk genmodifisert fôr. Det er fleire grunnar til det, seier Traavik.

– Eg trur at norske myndigheiter har undervurdert kor stor motstanden mot genmodifisert mat er ute i verda. Her i Noreg har vi ikkje tatt ein skkkeleg debatt. Rundt om i verda er dette eit svært aktuelt stridtema.

Terje Traavik

Terje Traavik, proffesor i gen-økologi. Medlem i Bioteknologinemda.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– En trur at når kundar av norske oppdrettar får vite at norsk oppdrettsfisk kan bli fora med GMO, vil dette svekkke næringa, seier professoren.

Traavik seier at ingen uavhengige forskarar har klart å prove at genmodifisert mat ikkje har uheldige skadeverknader på menneskehelse eller miljø.

– Mitt råd til norske forbrukarar er at dei i det minste må forlange å får vite om laksen er fora med genmodifisere organismar, seier Traavik.

Bagateliserar bruk av GMO

Terje Aasland (Arbeiderpartiet) er leiar i Næringskomiteen på Stortinget. Det er dei som også har ansvaret Fiskeridepartementet.

Terje Aasland

Terje Aasland (AP) Leiar i Næringskomiteen.

Aasland seier at Matilsynet har gitt løyve til bruk av GMO på bakgrunn av kva som er godkjend i EU-systemet.

– Dette er ei vurdering gjort på bakgrunn av reglerverket frå 2006. Før 2006 hadde ein ikkje reglar for dette. Det er berre lov å bruke GMOer som ikkje er spiredyktige, og dei kan bare brukast i dyrefor, seier Aasland.

Aasland seier at dispensasjopne til fiskerinæringa ikkje er ein generell adgang til å bruke genmodifserte organismer i norske produkt, men skal bare brukast i henhold til eit strengt regelverk.

– Men kvifor skal ikkje kundane får vite om oppdrettslaksen har fått genmodifisert for?

– No er det slik at forprodusentane må merke forposane med at dette er genmodifisert. Det er regleverket, og eg trur dette er kva vi må forholde oss til, seier Aasland.

NRK har også forsøkt å få fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen i tale. Men Fiskeriministeren har ikkje hatt tid til å snakke med NRK dei fire siste døgna.

Fire har fått dispensasjon

Det er fire store forprodusentar i Noreg som har fått dispensasjon til å bruke genmodifisert mat i fiskefor. Førebels er dispensasjonane ikkje tekne i bruk. Dei fekk dispensasjonen på grunn av frykt for formangel.

Hør saken her:

Trygve Berg Lea

Trygve Berg Lea er produktsjef hos fiskefôrprodusenten Skretting.

Foto: Skretting

Vi har ingen umiddelbare planar om å bruke dette foret. Men det er ei løysing som vi vurderer fortløpande. Både Noreg og EU er i stor grad avhengige av import av desse for-råvarene. Vi importerer frå Nord- og Sør-Amerika og Asia. I desse områda er genmodifisert mat akseptert, seier produktsjef Trygve Berg Lea i fiskefôrprodusenten Skretting.

Skepsis bremsar

I Noreg har Mattilsynet godkjent 19 ulike genmodifiserte organismar til bruk i fiskefor. Dette er soya, raps, mjøl og mais. Men kundane er skeptiske. Det veit også forprodusentane.

Skepsisen er hovudgrunnen prøver å la vere å bruke dette råstoffet så lenge som mogleg. Vi vil jo gjerne ha tilgang til heile marknaden for oppdrettsfisk, seier Trygve Berg Lea.

– Aktuelt om kort tid

Kurt Oddekalv trur det ikkje er lenge til før norsk oppdrettsnæring tek i bruk genmodifiserte organismar i fiskeforet.

Det er stor mangel på fiskefor. Vi veit at det er tomt for fiskeolje og fiskemjøl i verda i løpet av tre år. 85 prosent av dette går til oppdrett. Mennesket et meir og meir fiskeolje direkte.

Eg tykkjer at næringa må reduserast til ein femdel. Då kan dei gå tilbake og produsere eit høgkostprodukt til den prisen dei produserer for i dag, seier Oddekalv.