Hopp til innhold

Heimevernet parat til å møte terrortrusselen

På kva som helst slags tidspunkt kan politimeistrane i landet be om støtte frå væpna soldatar. No fører den overhengande terrortrusselen til betre og tettare samarbeid.

HV-11 møte i Ålesund

Laurdag møttest redningsleiinga i Møre og Romsdal ved operasjonssentralen i Ålesund. Politiet, hamnevesen, brannvesen, sivilforsvar, kyrkja, PST og Forsvaret var til stades. PST sin representant kan av naturlege årsaker ikkje delta på bildet, men vi ser mellom andre stabssjef i HV-11, major Ivar Hatlelid (i uniform), stabssjef i Sunnmøre politidistrikt, John Kåre Flo (t.h.) og konstituert politimeister Ingar Bøen (nummer to frå høgre).

Foto: Erik Hattrem / HV-11

Laurdag møttest all redningsleiing på operasjonssentralen i Ålesund. Den uvanlege situasjonen ein er oppe i, noverande status, samt generell prat på leiingsnivå stod i fokus.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård

Politidirektør Odd Reidar Humlegård.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

PST var til stades og brifa om bakgrunnen for situasjonen Noreg er oppe i. Forsvaret, brannvesenet, hamnevesenet, den norske kyrkja og sivilforsvaret delte om sin beredskap.

Terrortrusselen har gjort det ekstra viktig med tett samarbeid, meiner major Ivar Hatlelid i HV-11 (Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11).

– Det er svært positivt at beredskapsetatane verkeleg samarbeider på tvers av fagområde. Når situasjonen er som den er, så er det bra at forsvaret blir tekne med, meiner Hatlelid.

På ein pressekonferanse tidlegare i dag laurdag, informerte politidirektør Odd Reidar Humlegård om trusselsituasjonen. Samarbeidet med forsvaret var eitt av temaa.

– Tryggande

På Sunnmøre seier stabssjef John Kåre Flo at det er tryggande at vegen til Forsvaret og Heimevernet no er kort.

John Kåre Flo

Stabssjef John Kåre Flo meiner tett samarbeid mellom ulike etatar er svært viktig slik situasjonen er i dag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– At det er ordna direktekontakt mellom politidirektøren og hovudkommandoen i Forsvaret er tryggande. Både tida og vegen mellom politiet og Forsvaret blir kortare, seier Flo.

Det var Flo og politiet på Sunnmøre som kalla inn møte. Gjensidig forståing er viktig, meiner stabssjefen.

– At Heimevernet er inne og vi får sjå kva som finst av ressursar er viktig. Dersom vi kjem til ein situasjon der vi ikkje lenger er i stand til å handtere alt åleine, så må vi be om bistand. Per i dag er vi ikkje der, men det er viktig å vere kjend med kva som tilgjengeleg om det blir aktuelt.

Flyplassar, kaiområde, trafikknutepunkt og større arrangement er langt meir beredskapstunge enn tidlegare. Etter møtet mellom dei ulike etatane har koordinasjonen blitt betre, meiner Flo.

Saka held fram under bildet.

Oberstløytnant Ivar Hatlelid

Stabssjef for HV-11, major Ivar Hatlelid, seier dei er klare om naudsynt.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Laus rolle

Per no sit dei ulike politimeistrane rundtom i landet med stempla oppmodingsklareringar. Om naudsynt kan dei i løpet av kort tid sende bod på forsvar og heimevern.

– Heimevernet er klare til aksjon om naudsynt, vi skal vere førebudde lokalt, slår major Hatlelid i HV-11 fast.

Det er innsatsstyrken Archery som står klar på Nordvestlandet. Rundtom i distrikta har ein generelt gått litt meir i beredskap. Framtidige oppgåver er derimot totalt ukjende.

– Vi har inga konkret rolla per no, men vi er klare om politiet kjem med eit behov. Dette er ein spesiell situasjon, men for heimevernet har det vi trenar på gjort at vi er klare for slikt som dette, slår Hatlelid fast til NRK.

I hovudsak trenar Heimevernet på objektssikring, overvaking og kontroll. Dei er derimot rusta for langt meir.

– Stort, synleg nettverk

Ved Setnesmoen inst i Romsdalsfjorden sit daghavande i HV-11, Dag Torhaug. Han seier dei alltid er budde, men at dei det siste døgnet har ekstra dialog med dei involverte i Heimevernet.

– Vi har god kontroll på personell, og vi er klare om ei oppmoding skulle kome, slår Torhaug fast.

Han peiker på at nettverket til Heimevernet er stort.

Erik Hattrem

Presse- og informasjonsansvarleg i HV-11, Erik Hattrem, ser på det å vere i beredskap som noko sjølvsagt.

Foto: André Hatlelid / HV-11

– Dette er menneske som er vane til å operere blant folk, med prosedyrar for korleis ein skal prate med folk. Det er normale sivilistar som veit kva det vil seie. Nettverket er stort og synleg i eit samfunn.

Den ekstra spesielle trusselen er ikkje totalt ukjend heller.

– Mange tenkjer nok at situasjonen er heilt spesiell for avdelinga, men dette er folk har vore ute og tenestegjort og har solid grunntrening frå hær, sjø og luft. Dette er noko som blir trena på, seier Torhaug.

Heilt fremst

Erik Hattrem er presse- og informasjonsoffiser i HV-11. Om han sjølv må i aksjon ser han på det som noko sjølvsagt.

– Det er ein grunn til at eg utdanna meg til det eg gjorde. Eg ser på dette som ei plikt og ein rett, seier han til NRK.

– Korleis ser du på Heimevernet si rolle til å møte ukjende terroristar?

– Heimevernet står fremst blant våre militære styrkar til å møte truslar på norsk landsterritorium, repliserer Hattrem.

Per no overvakar HV-11 situasjonen. Dialogen mellom politidistrikta og Heimevernet er tett.

– Vi tek kontakt med Forsvaret så fort det eventuelt skulle bli aktuelt, slår Flo i politiet fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL