Hopp til innhold

Hasseldal blir ny politimeister i Østfold

Jon Steven Hasseldal har vore politimeister i Sunnmøre politidistrikt dei siste tre åra. No er han i statsråd utnemnd til politimeister i Østfold.

Jon Steven Hasseldal

Jon Steven Hasseldal blir ifølgje Dagbladet ny politimeister i Østfold.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Før han kom til Sunnmøre i juli 2011, jobba Hasseldal som politistasjonssjef i Agder politidistrikt. Med sine 40 år blei han den yngste politimeisteren i landet då han begynte i stillinga i Sunnmøre politidistrikt.

Jon Steven Hasseldal (43) flytta til Ålesund åleine, medan familien blei buande sør i Noreg. Dette er ein av grunnane til at han søkte seg vekk frå Sunnmøre.

– Det er først og fremst fordi eg ikkje fekk med meg familien til Sunnmøre. Eg har pendla i tre og eit halvt år. Å pendle mellom Ålesund og Arendal er forholdsvis tungvint, seier Hasseldal til NRK.

– Fantastisk tid

I fjor søkte han stillinga som avdelingsdirektør for politiberedskap og krisehandtering i Politidirektoratet, utan å nå opp. Bakgrunnen for den søknaden var mykje det same.

Tida på Sunnmøre har vore fantastisk. Distriktet er fantastisk. Det er veldig gode kollegaer der. Dette kjem eg til å sakne. Men det er pendlinga som har vore tunga på vektskåla, seier politimeisteren som no flyttar til Østfold.

Vikariat

Stillinga i Østfold er i første omgang eit vikariat ut 2015, fordi politiet vil ta høgde for varsla endringar i etaten.

Hassel er ein av ni søkjarar til stillinga som ny politimeister i Østfold politidistrikt.