Hopp til innhold

– Vi skal trene meir enn nokon gong

Harald Aabrekk (58) lovar AaFk-spelarane meir trening enn nokon gong. Aabrekk blei måndag ettermiddag presentert som ny trenar i AaFK. Trond Fredriksen (37) er assistenttrenar.

Harald Aabrekk presentert som ny AaFK-trener

Harald Aabrekk er tilsett som ny hovudtrenar i AaFK. Til høgre leiar i AaFK, Henrik Hoff.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Harald Aabrekk la ikkje skjul på at det kan bli meir trening når han no overtek jobben som hovudtrenar i AaFK. På pressekonferansen måndag ettermiddag blei han presentert, og la ikkje fingrane mellom.

– Vi skal trene meir enn nokon gong. Eg har spurt Bjørn Erik (Melland, leiar for det medisinske apparatet, red anm) kor langt det er mogleg å presse spelarane, sa Aabrekk under pressekonferansen måndag, og la til at han gler seg vanvettig til jobben.

– Men enkelte fryktar at det no blir ein defensiv spelestil?

– Vi skal angripe, og eg kan roe folk i Ålesund med at eg har tatt av handbrekket, seier Aabrekk.

– Spennande trenar

Harald Aabrekk pressekonferanse Color Line

Pressekonferanse på Color Line Stadion måndag ettermiddag.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Fysioterapeut Bjørn Erik Melland kvitterte med å seie at Aabrekk er ein spennande trenar. Aabrekk har vore tilsett som speidar i AaFK sidan 2012, og har tidlegare vore trenar for klubbar som Sogndal, Brann, Haugesund og Tromsø.

– Harald Aabrekk har ein ambisiøs spelarstil. Vi er nøydde til å trene bra og godt, og kanskje også meir. Vi er også nøydde til å kvile godt og nok. Dette handlar om kva spelarane gjer til ein kvar tid, dette blir spennande, sa Melland.

Både han og assistenttrenaren har signert toårskontraktar.

Trond Fredriksen ny assistenttrenar

Trond Fredriksen assistenttrener AaFK

Den tidlegare fotballspelaren Trond Fredriksen (37) er ny assistenttrenar.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Den tidlegare fotballspelaren Trond Fredriksen (37) er ny assistenttrenar. Frank Mathisen (45) er keepertrenar. Det medisinske apparatet består av fysioterapeut Bjørn Erik Melland (40), fysioterapeut Egil Eliassen (44) og Jonas Nordal (26).

– Tilsetjinga av Harald Aabrekk er berre basert på faglege kriterium. Vi har fått ein trenar som kan oppfylle dei ambisjonane vi har i klubben, både sportsleg, men også for å ta klubben ein steg vidare, sa nestleiar Reidar Mjelde i AaFK på pressekonferansen måndag.

– Vi treng ein trenar som kan utvikle det gullet vi sit på, sa Mjelde vidare.

Kvitterte med takk

Nordfjordingen fekk ordet kort tid etter at det blei kjent at Aabrekk er ny hovudtrenar.

– Eg takkar for tilliten, sa Aabrekk.

– Janne (Jan Jönsson, tidlegare AaFK-trenar, red anm.) har gjort ein fantastisk jobb. Vi skal bygge vidare på dette. Eg er utruleg stolt over det støtteapparatet som klubben har stilt til rådevelde, sa Aabrekk, og sende stafettpinnen vidare til assistenttrenar Trond Fredriksen, som også takka for tilliten.

– Vi har ein veldig spennande spelarstall. Vi har mange unge spelarar som er svoltne på å bli endå betre, sa Fredriksen.

Nordfjording til AaFK

Harald Aabrekk og Henrik Hoff

– Eg takkar for tilliten, sa Aabrekk under pressekonferansen måndag.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Sunnmørsposten skreiv søndag at nordfjordingen Harald Aabrekk er den nye trenaren til Aalesund FK.

For ti dagar sidan melde same avis at Aabrekk var den heitaste kandidaten til å ta over for Jan Jönsson. Sjølv har Aabrekk sagt lite om situasjonen, men styreleiar Kjell Tennfjord uttalte tysdag at dei hadde god kontroll.

– Har klokkartru

Gruppa som står bak tilsetjinga er sett saman av styreleiar Kjell Tennfjord, Aafk-leiar Henrik Hoff og nestleiar Reidar Mjelde.

– Vi har klokkartru på at dette teamet skal nå dei måla vi har, sa Henrik Hoff under pressekonferansen måndag ettermiddag.