Hopp til innhold

Har ransaka heimen til Krane

I dag har politet ransaka heimen til Håvar Krane, som er ordførarkandidat for Demokratene i Kristiansund, etter avsløringar om drapstruslar mot regjeringsmedlem.

Arnstein Nilssen

Politimeister ved Nordmøre og Romsdal politistasjon, Arnstein Nilssen.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Bakgrunnen for ransakinga er at TV2 i går presenterte eit lydopptak der Krane blant anna seier at han ønskjer å drepe norske statsrådar.

Opptaket skal ha blitt gjort under eit møte i «Stopp islamiseringen av Norge» i februar i år.

«Det hadde faktisk vært en glede å knele ham, bøyd hodet fremover, lagt Glocken i nakkegropen og trukket av», skriv TV2 at Krane blant anna seier på opptaket.

- Kan ikkje seie noko

Politiet har vore på jakt etter våpen og andre ting som kan seie noko om alvoret i truslane til Håvar Krane.

Politimeister ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Arnstein Nilssen, seier at han førebels ikkje kan seie om politiet har funne noko etter ransakinga.

- Eg har ikkje fått høyre noko om utfallet enno. Men uansett er det Oslo som må uttale seg når vi får høyre noko, fortel Nilssen.

Drapstruslane skjedde på eit møte i Oslo. Dermed er det Oslo politidistrikt som har saka, men Nordmøre og Romsdal assisterar ettersom Oslo har mykje å gjere etter terroråtaket 22. juli.

I avhøyr

Håvar Krane har òg vore til avhøyr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt i heile dag. Politiet vil heller ikkje her seie noko, men Krane skal ha fortalt media i går at truslane var tomme ord sagt i samtale med bekjente.

Politimeister Nilssen seier likevel at politiet ser alvorleg på situasjonen.

- I ein slik situasjon som vi har vore i den siste tida så er det naturleg at politiet tek tak i slike uttalelsar, og at vi vil prøve å finne ut kva som ligg bak, seier Nilssen.

Men når ein sit rundt eit bord, kan ein då rekne det som ein trussel når ein seier noko slikt som Håvard Kane har gjort?

- Ja, det kan regnes som ein trussel dersom det som blir sagt er eigna til å skape frykt, og det kan òg framsettast via ein tredje person.

Mogleg varetekt

Håvar Krane

Håvar Krane har i dag vore til avhøyr med politiet. I tillegg har politiet ransaka heimen til ordførarkandidaten.

Foto: TV 2

Spørsmålet om varetekt har i dag vore oppe ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, men framleis er det ikkje blitt teke noko avgjerd om dette spørsmålet.

- Det er igjen eit spørsmål som vert vurdert saman med Oslo politidistrikt, seier Nilssen.

- Må stå på vallistene

Krane har no trekt seg frå alle verva sine. Men vallova seier at han framleis må stå på vallistene.

- Kommunene har godkjent listene frå dei ulike partia innan 1. juni. Det har samanheng med at tidleg røystegiving som startar 1. juli og førhandsrøysting som startar no 10. august, seier underdirektør hos fylkesmannen, Helge Mogstad.

- Røystesetlane er òg produsert, så han har ingen moglegheit til å trekkje seg, seier Mogstad vidare.

Òg Karim Moufadil som er nummer to på vallista for Demokratene i Kristiansund har trekt seg. Moufadil seier til Tidens Krav at han har varsla om at han ønska å melde seg ut av partiet for ei god stund sidan, utan at det har blitt gjort noko med.

Nummer tre på vallista er Bjørnar Røyseth, også han har trekt seg, men han ønskjer ikkje å kommentere saka, skriv Tidens Krav .

I følge TV2 er også Demokratenes listetopp i Ålesund, Kaspar Birkeland, med i starten av lydopptaket.

Birkeland avviser overfor Sunnmørsposten at han var tilstades då dei mest kontroversielle uttalelsane frå Krane kom.