Hopp til innhold

Har du registert båten din?

– Enormt med tid og ressursar hadde blitt spart om fleire registrerte småbåten sin, seier Redningsselskapet og politiet.

Småbåter

Småbåtlivet er herleg. Men somme gongar kan noko uventa skje med båten, og då er det ein fordel om båten er registrert i Småbåtregisteret.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det sparar mykje ressursar om alle med småbåtar tek seg bryet med dei få minutta og 400 kronene det kostar å registrere seg, seier informasjonsleiar Frode Andersen i Redningsselskapet.

Fredag morgon følgde NRK.no situasjonen då ein tom båt var i ferd med å søkke i Ellingsøyfjorden på Sunnmøre. Sjølv om ingen personar var meldt sakna, vart ein stor leiteaksjon vart sett i gong. Årsaka var at ingen ikkje visste kven eigaren av båten var. Søket er no avslutta, og politiet forsøker i staden å finne ut kven båteigaren er via ulike båtforhandlarar.

– Hadde båten vore registrert sjå oss, skal ein ikkje sjå vekk ifrå at søket kunne blitt avblåst før, kommenterer Andersen.

Rask avklaring

Frode Pedersen

Informasjonsleiar og redaktør i Redningsselskapet, Frode Pedersen, vil at flest mogleg registrerer seg i småbåtregisteret.

Foto: Redningsselskapet

Informasjonsleiaren seier vi nordmenn er heldige fordi det er ein relativt låg terskel for å setje inn store ressursar i slike type oppdrag. Nettopp derfor meiner han at båteigarar bør leggje mest mogleg til rette for at ein eventuell aksjon vert så effektiv som mogleg.

– Skulle det skje noko med båten, anten det er ei ulukke eller at han berre har slite seg frå fortøying, vil det kunne avklarast relativt raskt, seier han.

Politiet har direkte tilgang til databasen, så på same måte som med eit bilnummer, kan dei finne informasjon om eigar og tidlegare båthistorikk.

– Eg kan ikkje sjå anna enn at det er ein kjempefordel, seier han.

– Svært fornuftig

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang har vore borti tallause hendingar der politiet har brukt ekstra tid på å identifisere båteigaren for å kome vidare i saka. Harang, som også er sjø- og miljøkoordinator i Sunnmøre politidistrikt, støttar heilhjarta Redningsselskapet si oppmoding om registering av småbåtar.

– Båteigaren kan få att båten sin raskare og politiet sparar ressursar. Det er alt i alt svært fornuftig, seier han.

Sjølv om politiet kan finne ut av opphavet til båten ved å sjekke produksjonsnummeret, er det ikkje særleg til hjelp om det er eigaren ein treng å få tak i.

– Derfor bør alle ha eige kjennemerke på både båt og motor, meiner han.

Mange att før målet er nådd

160 000 båtar står i dag oppført i det frivillige registeret til Redningsselskapet.

– Det høyrest kanskje mykje ut, men vi har faktisk nærare 700 000 småbåtar i Noreg, så det er eigentleg ganske få, seier Frode Andersen i Redningsselskapet.

– Kvifor er det ikkje fleire som nyttar seg av tilbodet?

– Det er vanskeleg å seie, men det finst jo dei som ikkje forsikrar båtane sine ein gong.

Ifølgje informasjonsleiaren tilbyr stadig fleire forhandlarar gratis registrering som del av kjøpet.

–Det er vi svært fornøgde med, for vi merkar ein stor pågang. Når forhandlarane på denne måten seier at registrering er viktig, så lyttar også kjøparane til dei, trur han.

Kom du no til å tenkje at du kanskje bør registrere båten din likevel? Det kan du gjere ved å følgje denne lenka.