Hopp til innhold

Håper uvanlege klesplagg skal inspirere fleire til å ta opp strikkepinnane

Ein knallraud kjole hengande i laser nedetter ei svart utstillingsdokke vil truleg vekkje oppsikt i Aalesunds kunstforeining. Like bortom står ein svart kreasjon sett saman av store rundingar, med ingenting under. To trønderske strikkedesignarar vil føre nye generasjonar til strikkepinnane.

Det er mange som strikkar, men få som stiller ut det dei lagar. To trondheimsdesignarar inntek denne helga Aalesunds Kunstforening, og håper å inspirere fleire til strikkepinnane.

Denne strikkekjolen er kanskje ikkje for amatørar. Men designarane sjølve seier tankearbeidet bak er mest krevjande.

Det finst ikkje ein einaste Marius-genser å sjå i heile lokalet til Aalesunds kunstforeining. Heller ikkje spor av Selbu-vottar eller ei aldri så lita Fana-kofte. Men det er absolutt strikk det handlar om når trondheimsdesignarane Rita Nylander og Anne Grut Sørum no har reist sørover for å vise fram kva dei lagar. Dei smiler når vi spør om dette er for amatørar.

Rita Nylander

Strikkedesignar Rita Nylander seier også unge gutar strikkar, og tek det som eit godt teikn.

Foto: Synnøve Hole

– Nei, dette er ikkje noko du startar med, når du begynner å strikke, dette er basert på mange års erfaring, seier Rita Nylander. Saman med Sørum lagar ho kle og kunstobjekt ved hjelp av maskinstrikk, og håper å inspirere fleire til pinnane.

– Magisk materiale

Dei to trondheimskvinnene har sanka inspirasjon på Trondheim hamn gjennom fleire år, og fleire av kreasjonane ber preg av det. Her kan ein sjå igjen maritime fargar og former, og dei to meiner strikk er eit godt og funksjonelt uttrykk for ein kunstnar.

– Ein kan starte med ein tråd og skape akkurat det klesplagget og uttrykket ein vil, det har ingen avgrensingar. Strikking er magisk, seier Anne Grut Sørum. Ho starta å strikke som seksåring, og har langt frå slutta.

Har strikka sidan mellomalderen

Svarte, strikka rundingar sett saman til ein kjole

Svarte, strikka rundingar har blitt til ein kjole.

Foto: Synnøve Hole

Folk har strikka i hundrevis av år, ifølgje Store norske leksikon. Teknikken kan ha oppstått i områda rundt Middelhavet eller i Midtausten. I Europa har teknikken vore kjend frå mellomalderen og spreidde seg til ei rekkje europeiske land i løpet av 1300-, 1400- og 1500-talet. Så har det gått i bølgjedalar. Dei to strikkedesignarane meiner vi no er inne i ein god periode.

– Vi er inne i ein veldig positiv periode no, veldig mange ungdommar har tatt opp strikkepinnane, til og med unge gutar strikkar. Kanskje begynner folk med det enkle, og går så over til meir avansert mønster- og teknikkstrikk, seier dei to. Dei meiner strikking er avkoplande og kreativt.

God mottaking

Utstillinga opnar først laurdag, men fredag var kunstnar Terje Fagermo innom. Han er imponert.

– Eg blei heilt sjokkert, det er noko av det finaste eg har sett. Ein forventar at kle skal sjå ut på ein annan måte, og dette appellerte i alle fall til meg, seier han entusiastisk.

Nina Sladzevska

Reinhaldar Nina Sladzevska ville gjerne hatt alle strikkekleda som ho såg på utstillinga fredag.

Foto: Synnøve Hole

Også reinhaldar Nina Sladzevska, som var på jobb mellom utstillingsdokkene fredag, likte det ho såg.

– Eg syns det er veldig fantastisk, eg har lyst på alt, seier ho.

Intendant Anne Standal har stilt ut kle frå dei to trondheimsdesignarane ein gong før, og er glad for å ha dei tilbake.

– Det er spesielt fordi vi ofte viser ting som heng på ein vegg, eller skulpturar. No har vi noko som lever på ein annan måte, og som folk kan identifisere seg med, seier ho.

Ønskjer å vidarebringe kulturarv

Det er altså ingen tradisjonelle mønster å oppdrive på utstillinga, men dei to kvinnene meiner dei gjer eit viktig arbeid ved å vise fram dei spesielle strikkaplagga dei har laga.

– Vi bringar kvinneleg kulturarv vidare, og det er vi stolte av, seier dei to.