Hopp til innhold

Håper svært smittsam bie-sjukdom blir isolert på øy

Mattilsynet håper at smittsam bie-sjukdom blir isolert på øya Smøla. Sjukdommen blei påvist tidlegare i haust, og tilsynet vil førebels erklære berre øya for smitteområde.

Bidronning

Friske bier saman med bidronninga er noko alle birøktarar ønskjer seg. Sjukdom kan gi store ringverknader for både biene sjølve og for eigarane.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie / NRK

Den svært smittsame sjukdomen varroamidd blei påvist av Mattilsynet i ein bigard på Smøla i haust, og det er første gong denne sjukdomen har dukka opp i Møre og Romsdal.

Dette er ein svært smittsam sjukdom som har spreidd seg over store delar av landet elles.

– Sjukdomen er uråd å overvinne heilt, men fordi Smøla er ei øy, gir det ei naturleg avskjerming frå fastlandet. Difor rår vi til at resten av fylket kan halde fast på statusen som smittefritt område, seier Merete Alstad hos Mattilsynet Region Midt.

Mattilsynet veit ikkje kvar varroasmitten på Smøla kjem frå, men held fast på at smitten har kome til ei bigard i kommunen.

Les også:

Sekskantform i bisamfunn

Bier lever i eigne samfunn i bikuba. Her har dei produsert ettertrakta honningen.

Foto: Arild Hagen / NRK

Næringa sjølv må bidra

No når Smøla kan kome inn under regelverket for smitta område i kategori C, vil det mellom anna innebere at det blir opp til næringa sjølv å vere nøye med at bier frå Smøla ikkje blir flytta på beiting andre stader i fylket.

Birøktarar på Smøla må også halde biene i heilt lukka kuber dersom dei skal transporterast til beite i andre område av landet, seier Alstad.

Til no har Møre og Romsdal vore blant dei områda i landet som har unngått denne frykta sjukdomen. Dei rundt 120 birøktarane i fylket fryktar at sjukdomen skal spreie seg vidare.

Birøkt

I Møre og Romsdal er det aukande interesse for birøkt. No er det rundt 120 birøktarar i fylket. Illustrasjonsfoto.

Foto: Rainer Prang / NRK

Les også:

Frå blomster til blomster

Erfaringar frå andre smitta bigardar, viser at det er ikkje mogeleg å bli heilt kvitt varroasmidden når den først har kome i ein bigard.

– Men gjennom behandling med spesialmiddel kan effekten av sjukdomen dempast og dyrevelferda betrast, seier Alstad.

Varroasmitte lar seg overføre til friske bier på fleire ulike måtar.

– Friske bier kan bli ført med vinden til smitta område, og dei kan også få i seg smitten ved at dei beiter på lyngblomster der andre, varroasmitta bier har beita tidlegare, seier Merete Alstad.

Bie på blomst

Sjølv små sporar av varroasmitte som andre bier har lagt att i blomster, kan vere smittekjelde for friske bier, seier Mattilsynet.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie / NRK

Fryktar smitten kan spreie seg

Varroasmitten har spreidd seg til store delar av Noreg, og det regionale Mattilsynet er redd birøktarane i Møre og Romsdal må vere budde på at bie-sjukdomen vil spreie seg også her i fylket.

– Det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta. Men eg er redd sjukdomen ikkje lar seg avgrense no når den først er påvist i ein del av fylket, seier Merete Alstad.

Det er no opp til Mattilsynet sentralt å avgjere om Smøla skal bli definert som smitteområde for varroasjukdomen, eller ikkje.