– Å få erfaring var heile hensikta med å nytte MF «Ullensvang» som reserveferje denne veka. På den måten kan både tilsette og brukarane bli vande med ferja, og alt vil bli meir effektivt, seier Inge Andre Utåker, Regionssjef i Norled.
Ferja MF «Ullensvang» blei måndag sett inn som reserveferje på ferjesambandet mellom Hareid–Sulesund. Det var ein prøvetur for ferja, som etter planen skal inn i sambandet på fulltid frå første januar 2014.
– Vi valde difor å sette inn MF «Ullensvang». Delvis fordi ferja egnar seg, og delvis fordi det er den ferja som skal gå permanent på strekninga neste år, seier Utåker.
Men prøveturen var ikkje heilt uproblematisk. NRK.no kunne i går melde om store forseinkingar på strekninga.
- LES OGSÅ:
Også i dag har det vore forseinkingar på strekninga, til irritasjon for bilistane.
Tilvenning
Utåker trur alt vil gå betre når både mannskapet og passasjerane blir vande med ferja, og håpar dei kan unngå forseinkingar i tida framover.
– Det er avgrensa kor fort den kan gå. I går rakk ein ikkje å køyre inn den ekstra tidsbruken, og vi fekk ein del forseinkingar. Når det først byrjar å hope seg opp er det vanskeleg å komme i rute igjen.
Ifølgje Utåker har ferja ein anna design og annleis manøvrering, noko som gjer at påkøyring og avkøyring tek lengre tid. Då må ein spare tid ein anna plass.
– MF «Ullensvang» er raskare enn dei andre ferjene. Den ekstra tida som trengst til av- og påkøyring kan sparast inn på overfartstida. Når mannskapet blir betre kjende med ferja vil manøvreringa bli like effektiv som på andre ferje.
- LES OGSÅ:
Forbetringar
MF «Ullensvang» skal byggjast om i løpet av sommaren og vil bli oppdatert før den på nytt blir sett inn i rute på strekninga Hareid–Sulesund.
– Slik som ferja er i dag har den for lite plass. Blant anna skal vi bygge om på det nedre bildekket for å auka kapasiteten på ferja, seier Utåker.
Utåker håpar det vil bli mindre problem med ferja i framtida.
– Nokre gongar blir ein forsinka uansett kva båt ein har. Eg kan ikkje garantere at det aldri kjem til å skje igjen. Men eg trur ikkje det blir eit problem når ferja går for fullt, seier Utåker.
– Eg håpar vi kan få litt tolmod. Nokre gongar treng ting å gå seg til, og det er alt for tidleg å konkludere med at båten ikkje er egna, held han fram.
- LES OGSÅ: