Hopp til innhold

Håpar framleis å få politimeisteren til Kristiansund

Kristiansundsordførar Kjell Neergaard meiner slaget ikkje er tapt i kampen om politimeisteren i Møre og Romsdal.

Kjell Neergaard

Kristiansundsordførar Kjell Neergaard meiner slaget ikkje er tapt i kampen om politimeisteren.

Foto: Roar Halten / NRK

Tysdag kveld kom nyheita om at den nye politimeisteren for Møre og Romsdal truleg blir Ingar Bøen. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, er ikkje overraska over valet.

– Jobben til politidirektøren er å tilsette den som er mest kvalifisert for jobben. Då eg såg søkarlista tenkte eg at det var Bøen som låg best an til å få den, så det er inga overrasking om han har fått tilbod om jobben, seier han.

For tidleg å konkludere

Ei utnemning av ein ny politimeister har ingen samanheng med plasseringa av hovudsetet, dette er to sjølvstendige prosessar.

Ingar Bøen

Ingar Bøen blir truleg ny politimeister i Møre og Romsdal.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Neergard fortel at dei framleis håpar å få politimeisteren til Kristiansund.

– Eg har full tillit til den jobben som politidirektøren skal gjere i denne saka, og den faglege vurderinga han skal gjere om kvar politimeisteren skal sitte, seier han.

Neergard meiner likevel at det er for tidleg å konkludere om plassering av politimeisteren.

– Ei eventuell avgjerd om å utnemne Ingar Bøen til politimeister inneber ikkje nødvendigvis at det også er gjort eit val om stad. Bøen er velkommen til å flytte hit dersom politimeisterstillinga blir i Kristiansund, seier Neergard.

– Sokkelberedskapen er viktig

Kristiansundsordføraren innrømmer likevel at det er viktig for kommunen å få politimeisteren til Kristiansund.

– For oss er arbeidsplassar ein viktig del av dette. Det kan vere snakk om mellom 50–60 stillingar knytt til politimeistersete, seier han.

Neergard trekker også fram sokkelberedskap som eit av argumenta for at politimeisteren blir sittande i Kristiansund. I nærare 30 år har nordmørsbyen hatt ansvaret for beredskapen på kontinentalsokkelen utanfor fylket. I slutten av mai i år bestemte Stortinget at ansvaret for oljesokkelen skal ligge i Kristiansund.

– Det viktigaste for oss er sokkelberedskapen og tryggleiken til dei som er ute på sokkelen. Vi meiner at det er viktig at politimeisteren er fysisk plassert der beredskapen ligg, det har med tryggleik å gjere, seier han.