Hopp til innhold

Gruva ga henne skrivelyst

RAUSAND (NRK.no): Kristin Maridal har mykje på hjartet i sin første roman. Heimbygda med gruver og røft miljø, ga inspirasjonen.

Gruvemuseet på Rausand

Gruvemuseet har gitt mykje inspirasjon til skrivinga av romanen « Love deg aldri». Kristin Maridal til venstre og eldsjel ved museet, Ester Tokle Fretheim, studerer fotografi og annan dokumentasjon i museumslokalet.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Hakker og spett, råmalm i klumpar, veggar dekte av svat/kvit-fotografi og ei dokke kledd ut i verneskor, kjeldress, hjelm og hovudlykt.

Gruvemuseet på Rausand i Nesset er fullspekka av bevis frå tida då bygda var ei av dei viktigaste i norsk gruveindustri. To fulle etasjar i det som ein gong var bedehuset, viser avtrykk etter mange hundre arbeidarar og familiane deira. Alle på Raudsand var knytte til gruvedrifta frå starten i 1937 og til stenginga i 1982.

– Vi gler oss til å lese romanen din, Kristin! Museumsvert Ester Tokle Fretheim tek hjarteleg imot Kristin Maridal i museet. Saman med dei andre i bygda er Ester spent på korleis ein roman spunnen rundt det som var kvardagen deira, vil vere. I kveld får dei svar.

– Å, det kriblar i meg, for no er eg bra spent, kjem det frå Kristin Maridal. Det er ho som har sett Rausand på kartet ved å bruke gruvebygda som kulisse for handlinga i sin aller første roman.

I kveld skal boka presenterast for heile bygda når Bjørnsonfestivalen inviterer til «Bokdykk» i samfunnshuset på Rausand.

Gruveutstyr

Utstyr som var i bruk då gruvedrifta starta på Raudsand i 1930-åra.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Gruvebygda Rausand fortener ikkje å bli gløymd. Gruva var så viktig for så mange så lenge, at eg ville og måtte bruke dette som kulisse for den oppdikta historia i boka,sier Maridal og understrekar at dette ikkje er nokon sjølvbiografi.

Boka er skriven på bokmål, men alle replikkane er på dialekt. Ho brukar stadnamn frå mange kantar i heile boka.

Gjennom kvinneaugo

Det kvite, høge gruvetårnet, knuseverket,steinmøllene, røyrgatene, utskipsningskaia og 15 millionar kubikkmeter med holrom meisla ut i fjellet, pregar industristaden Rausand. Dermed er det også eit sterkt maskulint miljø som dannar grunnlaget for romanen til Maridal. Men handlinga er vevd gjennom tre generasjonar kvinner i dette miljøet.


–Det meste som er skrive frå gruvemiljø tidlegare, er sett gjennom menns augo. Eg ville vende blikket i den andre retninga, seier forfattaren.

Hovudpersonen i "Love deg aldri" er Karen,dottera i ein tilflytta gruvearbeidar -familie. Lesaren følgjer Karen frå ho er fem til ho nærmar seg 50 år. Til forskjell på mødregenerasjonen, drar Karen frå bygda og tek utdanning. Vaksenlivet hennar utfaldar seg fleire andre stader i Møre og Romsdal enn Rausand.

Kristin Maridal

Inspirasjon til romanar kan også finnast langs ein bygdeveg. Kristin Maridal gjekk mange ein gong langs vegen i heimbygda medan handlinga i debutromanen tok form.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Tidsspennet i romanen, 1966 til 2011, avspeglar norsk sammfunnsutvikling desse ti-åra. Endringane i det sosiale, politiske og økonomiske Noreg kjem til syne. Klasseskilje, kampen for likestilling, seksuell oppvakning, nye vegar og utfordringar generasjonar i mellom og avfolking av små bydesamfunn er nokre av elementa.

Frykta for ulukker

Slik som i dei fleste gruvesamfunn krave også fjellet på Rausand liv. Tilsaman miste 11 arbeidarar livet dei åra det blei drive gruvedrift. Alle var menn i sin beste alder.

Redselen for kva som kunne skje i gruva, var ei mørk sky som hang over alle på Rausand. Denne underliggande frykta er også inngåande skildra i romanen. Å leve med frykta er også ein del av livet til hovudpersonen Karen.

Den siste dødsulukka i gruva på Rausand skjedde sommaren 1980 då Kjell Sveen omkom. Han var ektemannen til museumsvert Ester. Sveen var berre 34 år gamal og far til to. At tragedien som ramma henne og familien, er ein del av romanen, synes Ester er riktig og viktig. Også at Maridal har dikta vidare på hendinga.

– Vi levde jo dagleg med frykta for at ulukka skulle skje. For min eigen del såg eg sjukebilen reiste ned til gruveområdet, og forstod straks at noko hadde skjedd. Så var det mannen min det gjaldt denne gongen, seier ho stille.

Ester Tokle Fretheim

Ester Tokle Fretheim er spent på handlinga i romanen der kulisser er henta får Raudsand. Hennar eiga tragedie då mannen ektefellen omkom i gruva, dannar bakteppe for ei av dei dramatiske hendingane i romanen.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Ester har vore ein av eldsjelen for å få oppretta gruvemuseet, og gir stor honnør til Kristin Maridal for at ho hentar miljø og hendingar frå Rausand.

– Kristin er tøff som gjer dette, og det betyr jo at ho er glad i samfunnet ho vaks opp i og set pris på heimbygda. Eg er spent og gler meg veldig til å lese romanen.

Tøffe Kristin

Kristin Maridal er ei tøff kvinne, ho har rett i det, Ester på museet. Maridal er journalist i Sunnmørsposten og har budd i Ålesund i over 20 år. Ikkje berre debuterer ho som romanforfattar i ein alder av 55 år, ho har også blitt for kjent over for å ha vore med i tv - serien «Ingen grenser » som gjekk på TV2 i fjor. Saman med 10 andre deltakrarar med ulike former for funksjonsnedsetting, imponerte Maridal stort då ho kjempa med seg sjølv på tur gjennom fjellheimen

Hennar eigen lagnad er å leve med konstante og sterke smerter etter eit nakkebrot for 26 år sidan. Ho var på jobb for avisa då bilen ho køyrde, blei påkøyrd av ein annan på Vestnes ferjekai.

Nakkebrotet er av same slaget som lenka fotballspelaren Dagfinn Enerly til rullestolen. Ho var heldig og slapp rullestol, men må leve med sterke smerter.

Kristin Maridal

Å skrive roman er ein einsam geskjeft, erfarer Maridal. – I periodar har eg gått inn i ei slags boble og stengt verda ute, seier ho.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Romanen har eg tenkt på i mange år, men konkret har eg jobba med skrivinga i meir eller mindre i tre år, seier ho, og underslår ikkje at ho har måtta bite tennene saman mang ein gong for å kome seg gjennom arbeidet på grunn av smerter.

- Men eg er sta, ser du, og gir meg ikkje! Ei heller då manuset blei refusert i fleire forlag, før eg endeleg fekk napp. Du lyt stå på!

Kristin Maridal

Frå scena på samfunnshuset møter lesarane boka til Kristin Maridal for første gong. Det går mot ein ein spanande fredagskveld for både forfattaren og bygdefolket på Rausand.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Ville satse

Boka til Kristin Maridal kjem ut på Kvalshaug forlag som ein annan romsdaling, Vidar Kvalshaug frå Averøy, står bak. Han turde å satse på debutromenen til Maridal av fleire årsaker.

–Førsteutkastet satt godt, vi endra ein del og eg har lese min Elstad. Endeleg ei moderne industrihistorie med kvinner - frå mine eigne heimtrakter, tenkte eg.

– Trass i at det er skrive fleire sterke romanar frå industrimiljø og gruvesamfunn er det altså rom for nok ein roman frå dette miljøet?

– Eg trur ikkje vi har for mange slike romanar. Eg har Roy jacobsens «Seierherrene» som referanse. Men "Love deg aldri" er endå meir omfattande og går heilt opp til vår tid, sier forleggaren.

Vidar Kvalshaug

Forleggar Vidar Kvalshaug har god tru på Kristin Maridal som forfattar og vil gi ut to bøker til frå hennar hand.

Foto: Privat

Maridal er ikkje ferdig med persongalleriet og historiene ho har skapt. To bøker til skal det bli, det stadfester både ho sjølv og forlaget.

– Ja, Kristin er godt i gang med ein trilogi. Neste bok, er planlagt neste haust. Tittelen er klar, handlinga plotta. Eg gler meg vilt. Dette er eit krafttak av Kristin Maridal, slår Vidar Kvalshaug fast.

Bokdykket

Det er ikkje kvart år at ein romandebutant får Bjørnsonfestivalen som scene for å presentere boka si. Men i kveld er det duka for "bokdykk" på samfunnshuset på Raudsand.

– Eg kjenner meg audmjuk, priviligert og glad for at eg får presentere romanen min på samfunnshuset heime. Det blir frykteleg spennande korleis bygda vil ta imot romanen. Men dei veit at persongalleriet er oppdikta, og at eg har dikta fritt ut frå både konkrete hendingar og slike eg har konstuert, seier forfattaren.

Romanen er det store samtaleemnet i bygda om dagen. Dei vel 300 innbyggarane er ikkje vande med at bygda skaper overskrifter i media lenger. Stephen Berg er i den yngre garde og seier han garantert kjem til å lese romanen.

Stephen Berg

Stephen Berg synes det er bra at heimbygda dannar utgangspunkt for ein roman.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Det er kjempebra at noko så positivt kan skje på Raudsand. Same kva alder vi er i, har alle som bur her eit forhold til gruva. Sjølv er eg fødd etter at gruveepoken slutta, men dette skal eg ha med meg!

Første gong på Rausand

Når romanen "Love deg aldri" blir presentert på Rausand samfunnshus i kveld, er det første gong at Bjørnsonfestivalen tar eit arrangement med til gruvebygda i Nesset. Arrangementet skjer i samarbeid med gruvemuseet.

– Vi synes ein slik kveld er heilt sjølvsagt når vi ein skjeldan gong har ein romandebutant frå Nesset. Vi har høge forventingar til "Bokdykket" , og synes det er stort at ein lokal romandebutant tek tema frå bygda, seier styreleiar Turid Leirvoll Øverås i Bjørnsonfestivalen.

Leirvoll Øverås er overtydd om at mange er nysgjerrige på boka og at ho vil føre til auka interesse for historia til gruvesamfunnet ved fjorden.

- Vi i festivalleiinga meiner det er bra at vi kan møte publikum der dei bur, legg ho til.

Turid Leirvoll Øverås

Bjørnsonfestivalen og styreleiar Turid Leirvoll Øverås opnar i kveld dørene på samfunnshuset for 'Bokdykk' i romanen til Maridal. Gruvemuseet og bygdefolket stiller med kaffe og kaker.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Fremje skrivekunst

Det var nettopp Nesset kommune som saman med Molde kommune tok initativet til opprettinga av Bjørnsonfestivalen i 1992.

"Love deg aldri"

Bokomslag av romanen 'Love deg aldri'. Romanen er på 480 sider.

Foto: Kvalshaug forlag

Det var då første litteraturfestivalen i Noreg. Føremålet er å fremje interessa for litteratur og skrivekunst.

– Bjørnson budde jo her i Nesset og det er viktig å halde ved like det han stod for både når det gjeld ytringsfridom og engasjement for samfunnet ellers. Slik sett kan også ein roman dikta rundt miljøet her på Rausand, vere i ånda til Bjørnson, meiner Turid Leirvoll Øverås.

Og i kveld får ho som har så mykje på hjartet i aller første roman, svar på om historia hennar treff sambygdingane i hjaret.