Hopp til innhold

Gjer undersøkingar hjå den sikta

Teknikarar frå Kripos og Sunnmøre politidistrikt var måndag på plass heime hjå 23-åringen som er sikta for drapet i Hareid.

Kripos granskar bustaden der den sikta i Hareid-drapet bur

Ein krimteknikar frå Kripos og ein teknikar frå Sunnmøre politidistrikt granskar bustaden til den sikta 23-åringen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Bustaden, som er på Valderøya utanfor Ålesund, vart måndag saumfare av etterforskarar i håp om å finne fleire svar i saka om det groteske drapet i Hareid fredag.

Leitar etter drapsvåpenet

Forsegla dør heime hjå den drapssikta

Kripos jobbar for å sikre bevis der mannen som er drapssikta har budd.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Føremålet med granskinga av bustaden til den sikta er å leite etter bevis som kan bidra til å styrke eller svekkje saka mot han, forklarar leiar i NRKs krimredaksjon, Olav Rønneberg.

Politiet opplyste seinast søndag at dei ikkje har kontroll på drapsvåpenet.

– Truleg er dette blant tinga teknikarane leitar etter. I tidlegare drapssaker har det også vist seg at ein heime hjå den sikta har funne blodige klede, mobiltelefonar og andre gjenstandar som har vist seg å vere viktige for å belyse skyldspørsmålet, seier Rønneberg.

I tillegg leiter politiet etter brev, notat eller andre dokument som kan bidra til å belyse motivet for drapet.

Giske kommune har kopla inn sitt kriseteam

Måndag bekreftar ordførar i Giske kommune, Knut Støbakk, at Giske kommune også har kopla inn sitt kriseteam i samband med drapet i Hareid.

– Den tiltalte har nære pårørande her i Giske, seier Støbakk.

Ordføraren opplyser at kriseteamet, som består av sju personar, møtte både sambuaren til den sikta og andre slektningar søndag.

– Vi følgjer opp dei her i kommunen som har behov for det, seier ordføraren.

Teknikarar frå Kripos og Sunnmøre politidistrikt gjorde måndag undersøkinga rheime hjå 23-åringen som er sikta for drapet i Hareid.

Foto: NRK/Alf-Jørgen Tyssing.