Hopp til innhold

Gjeitnes til VM i Falun

Langrennsløpar Kari Vikhagen Gjeitnes, frå Skåla i Molde, har blitt tatt ut til kvinnenes landslag under VM i Falun. Det blei klart laurdag ettermiddag.

Kari Vikhagen Gjeitnes

Kari Vikhagen Gjeitnes frå Skåla i Molde har blitt tatt ut til VM i Falun, men det er framleis uklart om ho skal gå sprinten.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

Landslagssjef Vidar Løfshus presenterte laurdag langrennsløparane som skal representere Norge under VM i Falun frå 18. februar til 1. mars.

Etter at både kvinner og menn hadde fullført 15 kilometer og 30 kilometer med skibyte under NM på Røros, offentleggjorde landslagsleiinga i langrenn kven som reiser til Falun.

Gjeitnes tok NM-sølv under gårsdagens sprint, og kalla det høgdepunktet i karrieren så langt. I eit intervju med NRK var ho tydeleg på at ho ynskja å stille på startstreken i Ski-VM

– Eg meiner sjølv eg har prestert godt nok til å bli med på VM-laget i sprint, men det er ikkje opp til meg.

– Fortent

Det har vore mest uvisse i forkant av uttaket til sprintlaget. I dag offentleggjorde leiinga kven som fekk plass på laget.

På kvinnenes lag er det framleis ein ledig plass til sprinten. Marit Bjørgen, Cecilie Brun-Lie, Maiken Caspersen Falla og Ingvild Flugstad Østberg skal alle gå, medan Heidi Weng og Kari Vikhagen Gjeitnes kjemper om den siste plassen.

– Det blir eit reint amerikansk uttak mellom Gjeitnes og Weng om den siste plassen i verdscupen i Östersund, seier landslagstrenar Egil Kristiansen.

– Det kan vere at nokon av dei VM-uttatte ikkje får gå nokon distanser, men alle uttatte er aktuelle, held han fram.

NRKs langrennsekspert Morten Aa Djupvik, meiner det var ingen store overraskingar i uttaket til VM.

– Sidan Kristiansen tek ut 11 løparar, var det også plass til Kari Vikhagen Gjeitnes. Det fortente ho etter NM-innsatsen, seier Djupvik.

Her er heile kvinnelandslaget som er tatt ut til VM i Falun:

  • Marit Bjørgen.
  • Therese Johaug.
  • Heidi Weng.
  • Celine Brun-Lie.
  • Ragnhild Haga.
  • Martine Ek Hagen.
  • Kristin Størmer Steira.
  • Maiken Caspersen Falla.
  • Ingvild Flugstad Østberg.
  • Astrid Uhrenholdt Jacobsen.
  • Kari Vikhagen Gjeitnes.