Hopp til innhold

Gir ut lokalavisa på litauisk

Åndalsnes Avis i Romsdal synest det er leit at fleire av innbyggjarane ikkje kan lese innhaldet deira. Derfor gir dei ut avisa like så gjerne på litauisk.

Stein Siem

Redaksjonssjef Stein Siem i Åndalsnes Avis jobbar med den siste finpussen på den tospråklege avisutgåva.

Foto: Lars Smisethjell / Åndalsnes Avis

Etter at ein litauisk handverkar slo seg ned i Rauma rundt tusenårsskiftet og spreidde ordet om staden, har det strøyma på litauiske arbeidsinnvandrarar. I dag bur det rundt 50–60 litauarar i den naturskjønne kommunen.

– Somme har nok opplevd litauarane som tilbaketrekte og lite integrerte, og mykje av dette skuldast språkutfordringar. Dermed fekk vi ideen: korfor ikkje gje ut avisa på både norsk og litauisk?

Det fortel redaksjonssjef Stein Siem i Åndalsnes Avis. Laurdag vil avisa ha ein tospråkleg helgeseksjon.

Inspirasjonen kom frå kollegaene i Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik. For to år sidan gav dei ut delar av avisa på polsk for å nå ut til dei mange polske arbeidarane på skipsverfta i området.

Ikkje vore synlege i avisa

Siem har stått for fleire av intervjua med dei litauiske innbyggjarane til den norsk-litauiske utgåva av Åndalsnes Avis.

– Det har vore ei interessant oppleving. Eg har møtt ei innvandrargruppe som vi har lite med å gjere. Vi har opplevd dei som synlege på arbeidsplassane rundt om, men ikkje i avisa, fortel redaksjonssjefen.

Siem trur at både dei lokale lesarane og litauarane vil setje pris på initiativet. Nyleg trefte han på ei litauisk kvinne han intervjua i samband med utgåva.

– Ho opplever det som veldig kjekt og sa at ho skal spreie artikkelen til vennane sine på Facebook, seier han.

Artikkelen held fram under bildet.

Skjermdump av Åndalsnes Avis

Her er ein smakebit på korleis helgeseksjonen til Åndalsnes Avis vil sjå ut, med norsk og litauisk tekst. Med løyve.

Foto: Skjermdump / Åndalsnes Avis

Vil vise respekt

Redaktør i avisa, Lars Smisethjell, seier innhaldet i seksjonen vil vere som elles, forutan det ekstra språket og litauiske intervjuobjekt.

– Intensjonen med laurdagsseksjonen er å kome tett og nært innpå menneske som bur i Rauma. Litauarane styrker lokalsamfunnet vårt. Det er viktig for oss å setje fokus på arbeidsinnvandring og at vi viser dei respekt, seier redaktøren.

Han håper at avisa vil sende eit signal om korleis ein bør møte dei som kjem til landet.

– Det vert sagt og skrive mykje negativt om folk frå andre land. For oss er det viktig å differensiere slik at ikkje alle som kjem frå andre land vert stempla og klassifiserte som kriminelle. Etter mi vurdering skjer det i altfor stor grad, seier han.

– Berre eitt eksempel

Ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå har Rauma har auka med heile 25 innbyggjarar den siste tida. Smisethjell seier litauarane og andre arbeidsinnvandrarar står for mykje av utviklinga.

– Det er mykje for ei kommune med knappe 7500 innbyggjarar. Folk som kjem hit for å jobbe er vi avhengig av, ikkje berre i dag, men i framtida, legg han til.

Lars Smisethjell

Lars Smisethjell, ansvarleg redaktør i Åndalsnes Avis, trur både trufaste lesarar og ferske litauiske lesarar vil like avisa dei gir ut på laurdag.

Foto: Evy Kavli

– Så det er ikkje slik at de no ønsker å nå ut spesifikt til litauarane med dette initiativet?

– For all del, dei er nærmast berre eitt eksempel. Vi ønsker alle som kjem frå alle ulike land til verdas beste kommune for natur og menneske. I det ligg det at ein slett ikkje treng å gå på alle fjelltoppane i området for å bli ønska velkomen til kommunen vår, seier han.

Håper på positiv respons

Førebels er det berre planar om denne eine utgåva, men Smisethjell ser ikkje vekk frå at det kan bli aktuelt å gjere noko tilsvarande seinare.

– Ingen veit kva framtida bringar, men det kan fort skje at vi kjem på andre idear seinare som er litt utanfor boksen, seier redaktøren.

– Så det er ikkje eit ønskje om å skaffe avisa fleire litauiske abonnentar?

– Eg trur ikkje dette vil vise seg att på botnlinja, men eg trur det vil bli positivt motteke, seier han.

– Etter at vi la ut nettsak fredag morgon har vi fått tosifra epostar og sms frå lesarar som synest dette både er spenstig og flott, kanskje spesielt fordi vi tenkjer på dei som kjem utanfrå og ikkje alltid i like stor grad vert ønska velkomen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no