– Det er framleis stor rasfare og utfordrande vêrforhold på strekninga, fortel Erna Varhaugvik i Statens vegvesen.
Vegvesenet vurderte forholda på strekninga i 09-tida tysdag og bestemte då at vegen blir stengt til onsdag.
– Det er rett og slett for utrygt. Det er snø i fjellet og bilistane har sommardekk. I går gjekk det fire ras i området, men ingen blei heldigvis råka, seier Varhaugvik.
Vegvesenet vil gjere ei ny vurdering onsdag klokka 10:00.
- Les også:
Stengt sidan laurdag
Vegstrekninga på fv. 63 Geirangerfjellet mellom Geiranger og Langvatn har vore stengt sidan laurdag på grunn av stor rasfare.
Det er store snømengder i Geirangerfjellet samanlikna med andre år, og det har kome mykje snø denne helga.
Les også:
Åtte ras på to dagar
Laurdag var vegen over Geirangerfjellet berre open i nokre få timar før Statens vegvesen måtte stenge strekninga på grunn av den overhengande rasfaren.
I løpet av ettermiddagen og kvelden laurdag gjekk det fire ras i området og det var difor uaktuelt å opne for kolonnekøyring. Turistbussar som skulle til Geiranger måtte i staden ta lange omvegar.
Søndag gjekk det ytterlegare fire nye ras på den same strekninga.
– Eit av søndagens ras gjekk i tillegg over vegen, fortel Varhaugvik.