Hopp til innhold

Geiranger hadde ikkje klart seg utan dei

Sesongarbeidarane held liv i turistbygda Geiranger. Utan dei hadde det vore vanskeleg å fått hjula til å gå rundt, meiner arbeidsgjevarane.

Sesongarbeidarar i Geiranger - collage

F.v.: Solveig Røine, Rebecka Bark, Kristiina Paur, Zoltan Biro og Tore Skog er blant dei fleire hundre arbeidarane som får Geiranger til å gå rundt.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Zoltan Biro, Agnes Biro og Silje Therese Fredheim Geiranger Sjokolade

Zoltan Biro, kona hans Agnes Biro og Silje Therese Fredheim jobbar samen hos Geiranger Sjokolade.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Opp mot 400 menneske jobbar i Geiranger i sommarhalvåret, det er nesten dobbelt så mange som fastbuande. Dei fleste av dei kjem tilbake år etter år.

Sjokolade – med utsikt

I eit gammalt naust nede ved sjøen lagar dei noko veldig søtt i kjellaren. Med råvarer som brunost, molter og blåmuggost røyrer dei saman ei heilt lokal delikatesse. Nemleg sjokolade.

Zoltan Biro frå Ungarn jobbar hos Geiranger Sjokolade for andre sesongen på rad. Han kom saman med kona Agnes, som er konditor.

Geiranger Sjokolade

I starten av juni i 2010 opna dørene i den vesle sjokoladefabrikken i Geiranger. Sidan den gong har butikken vore avhengig av sesongtilsette.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Eg trivst veldig godt her, og eg set pris på å få jobbe med mat som gjer folk nysgjerrige. Men den flotte naturen og dei unike omgivnadane har nok fått meg til å trivst ekstra godt, seier Zoltan.

Kjem for å lære

Mange av arbeidarane i Geiranger er erfarne – medan andre kjem for å lære. Silje Therese Fredheim går matfag-linja på vidaregåande, men i sommar står ho iført kvite kokkeklede i sjokoladefabrikken.

– Det er veldig hektisk, spesielt på dagar der vi har mange cruiseskip på besøk. Men det er ei lærerik oppleving, også er det kjekt å jobbe med andre kreative menneske, seier ho.

Utfordrande å finne nok bustadar

Bengt Dahlberg ved Geiranger sjokolade

Bengt flytta til Geiranger etter å ha møtt ei dame på skiferie på Sunnmøre. Han bestemte seg for å bli att i bygda – men då måtte han ha noko å gjere.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det er høgst nødvendig å ha sesongtilsette i Geiranger. Men det kan vere utfordrande å finne nok bustader i den vesle bygda – som har om lag 230 fastbuande normalt. Mannen bak ideen, svensken Bengt Dahlberg, er den einaste heilårstilsette i bedrifta.

– I ein by klarer dei tilsette å finne seg bustadar sjølve, men her må eg som arbeidsgjevar skaffe tak over hovudet til dei som jobbar for meg. Det er også utfordrande å finne dyktige arbeidarar – og dei tilsette er ikkje nødvendigvis dei same kvart år, seier han.

Dahlberg er svært nøgd med dei som jobbar for han – og innrømmer at det hadde vore umogeleg å drive bedrifta utan.

Ein ekte sjokoholiker

Dahlberg seier at ein kan dele menneske i to grupper. Dei som likar forretter – og dei som helst vil ete dessert til alle måltid. Bengt er ein ekte sjokoholiker.

– Vår filosofi er å bruke så mange lokale ingrediensar som mogleg i sjokoladen. På den måten får vi spennande smaker, og det blir annleis enn vanleg sjokolade, seier Dahlberg, som har ei fortid innan legemiddelindustrien og som fysioterapeut.

Slik som det ofte er på turiststader; ser ein mykje som er "made in China". Det ville han gjere noko med – og Geiranger Sjokolade vart opna for om lag fire år sidan. Dahlberg har ingen planar om å slutte med det same.

Artikkelen held fram under biletet ...

Brunostsjokolade - Geiranger Sjokolade

I naustkjellaren lagar dei tilsette sjokolade. Her er ein av bestseljarane – brunostsjokoladen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Flust av internasjonale arbeidarar

Hotel Union Geiranger har mellom 120 og 130 tilsette på sommarstid. Då er dei heilt på topp. Nasjonalitetar frå heile verda kjem hit for å bu i vakker natur – men det er også mykje hardt arbeid.

Kristiina Paur ved Hotel Union geiranger

Kristiina Paur er opphavleg frå Estland – men har jobba i andre land dei siste fire åra.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Estlendaren Kristiina Paur jobbar som servitør og seier at ho vanlegvis alltid er i Geiranger i sommarsesongen.

– Det er ein veldig interessant jobb. Eg har blitt kjent med mange frå ulike land – både hotellgjestar og andre tilsette.

Kristiina har jobba fleire stader i Noreg, men jobbar også i Frankrike når ho har sjansen til det. Det var nemleg der ho møtte kjærasten. Det er heile fire år sidan ho var heime i Estland sist.

Vakker arbeidsplass

Det er ikkje berre i arbeidstida ho får nye erfaringar. Det er når arbeidsdagen er over ho har det aller kjekkast.

– Naturen her gjer at det er enkelt å finne på mykje etter jobb. Då brukar vi å enten gå på fjellet eller ein liten kajakktur på fjorden. Men mest av alt går vi på kafé eller kosar oss i finvêret med is, seier ho.

Artikkelen held fram under bildegalleriet ...

Ein draum om Noreg

Rebecka Bark ved Hotel Union Geiranger

Rebecka Bark jobbar i baren ved hotellet. Ho kjem frå Dalarna i Sverige, og har jobba ved Union i om lag eitt år.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Rebecka Bark jobbar i baren. Ho har tidlegare jobba fleire andre stader i Noreg – men ville helst jobbe der det var fine naturområde. Geiranger var målet.

– Eg har lenge hatt ein draum om å flytte til Noreg. Naturen her skil seg veldig mykje frå den svenske, seier ho, og legg til at ho har planar om å bli i Noreg så lenge som mogleg.

Ho fortel at livet som hotellarbeidar er hektisk, og nye menneske kjem innom heile tida. Det er umogeleg å bli kjend med alle, men likevel er samhaldet blant kollegaene sterkt.

Einaste nordmann

Tore Skog ved Hotel Union Geiranger

Tore Skog frå Stranda har jobba i restauranten ved Hotel Union i ein månad – og trivst veldig bra så langt.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Tore Skog er den einaste nordmannen som jobbar fulltid i restauranten. Dei aller fleste andre kjem frå Estland. Han er ein av dei ferskaste med berre ein månad på nakken.

– Eg kan tenke meg at det er mellom ti og femten nasjonalitetar på hotellet. Med så mange ulike nasjonalitetar kan kommunikasjonen verte vanskelegare, men det går overraskande bra, seier Skog, som kjem frå nabobygda Stranda.

– Ofte går eg ein heil arbeidsdag der eg så vidt snakkar norsk. Einaste problemet som eg kan sjå, er dersom det kjem ein norsk gjest som ikkje er særleg god i engelsk. Men der hjelper vi skandinaviske til, dersom det trengst. Elles er det god trening i å bruke mykje engelsk, fortel han.

– Passer ikkje for alle

Hotellsjef Finn Nustad ved Hotel Union Geiranger

Hotellsjef ved Hotel Union, Finn H. Nustad.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Hotellsjef Finn H. Nustad seier at dei aller fleste som kjem til Geiranger for å jobbe trivst veldig bra.

– Men det passar ikkje for alle. Enkelte taklar ikkje den hektiske kvardagen, og syns at det blir for mykje. Men dei som klarer jobben kjem ofte igjen år etter år. Det er vi veldig glad for – vi treng meir arbeidskraft enn det som finst i bygda frå før, seier Nustad.

Mange av hotellarbeidarane bur i "Las Vegas eller "Monte Carlo" – to bygg som ligg rett ved hotellet.

– Anything local

Solveig Røine ved Geiranger skysstasjon

Solveig Røine driv eigentleg kafé i Drammen – men Geiranger Skysstasjon trong fleire folk i sommar, så da tok ho turen til Sunnmøre.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Geiranger Skysstasjon er nesten det aller første turistane ser når dei går i hamn. Ein liten, men veldig koseleg kafé som ligg tett inntil vegen nede ved sjøen. Solveig Røine driv eigentleg kafé i Drammen – men ein venn av far hennar fekk ho til å kome.

– Det er veldig kjekt å jobbe her. Det er ikkje berre turistar som kjem innom – elles er det stort sett dei same lokale kundane, seier ho.

Det er éi setning som går igjen når turistane kjem innom ...

– Anything local! Dei vil ha alt som er tradisjonelt norsk, og då går det mykje i sveler med brunost, ler Solveig.

Held taket i tradisjonane

Kafeen samarbeider med Geiranger Turbuss og Taxi, og på den måten hjelper til viss turistar eller andre treng transport.

– Vi prøver å halde ved like skysstradisjonen, som går langt tilbake her i Geiranger.

Geiranger skysstasjon

Geiranger Skysstasjon ligg rett ved vegen som går gjennom Geiranger. Dei held ved like den gamle skysstradisjonen ved å hjelpe alle som treng å kome seg frå A til B.

Foto: Lena Høyberg / NRK