Hopp til innhold

– Situasjonen er under kontroll

Seint måndag kveld bekreftar kommunikasjonssjef ved Shells driftsavdeling i Kristiansund, Kitty Eide, at gasslekkasjen ved Nyhamna i Aukra er under kontroll.

Gasslekkasje Nyhamna

Hydrogenlekkasjen skal ha skjedd i administrasjonsbygget ved landanlegget til Ormen Lange.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er ingen målbare funn av hydrogen verken i administrasjonsbygget eller utanfor rommet der hydrogenflaskene står, seier ho.

Ho vektlegg likevel at situasjonen framleis blir behandla som ein gasslekkasje på grunn av observasjonar av ein suselyd frå desse gassflaskene.

– Inntil vidare skal ikkje personell inn på rommet. Vi vurderer administrasjonsbygget som ein del av ei trygg sone, ettersom døra til rommet der flaskene står er på utsida av bygget. Men vi kjem framleis til å ha restriksjonar knytt til nokre soner, seier Eide.

Full beredskap

Alle naudetatane rykte ut til Nyhamna etter at det blei meldt om ein gasslekkasje i 16.30-tida måndag. Nyhamna er landanlegget til Ormen Lange, som er Noregs nest største gassfelt.

– Administrasjonsbygget blei evakuert etter ein hydrogenlekkasje, seier Anja Lereng i 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK.

Både politi, ambulanse og eit lokalt industrivern er på staden.

– Lekkasjen skal ha skjedd på laboratoriet i bygget, seier Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar i politiet for Nordmøre og Romsdal.

Ukjent omfang

Brannvesenet og politiet kan enno ikkje seie noko om kor omfattande lekkasjen er.

Gasslekkasje Nyhamna

Området ved Nyhamna er sperra av.

Foto: Roar Strøm / NRK

Laboratoriet er i utgangspunktet er laga for å tole gassutslepp.

– Rommet er laga slik at det skal bli ventilert av seg sjølv, men ingen får lov til å gå inn i rommet på dette tidspunktet, sa Korstad til NRK i 17.00-tida måndag.

Ifølgje politiet skal det vere snakk om ein lekkasje frå fleire gassflasker som var inne på laboratoriet.

– Det er så langt uklart kor mange flasker det er snakk om, men det skal vere maks fire flasker, seier Korstad.

Sjølve anlegget blei ikkje stengt som følgje av lekkasjen.

Svært brannfarleg

Hydrogengass er i utgangspunktet svært brannfarleg.

– Det er eit eksplosivt stoff som er lett lettenneleg, seier Lereng ved 110-sentralen.

26 personar blei evakuert som følgje av gasslekkasjen, men det er ikkje meldt om personskadar, opplyser politiet.

Tilsette som varsla om lekkasjen

Kitty Eide i Shell er kommunikasjonssjef for Draugen- og Ormen Lange-feltet. Ho seier til NRK at dei mobiliserte alle ressursar då dei blei varsla om gasslekkasjen. Det var tilsette ved anlegget som sjølv melde frå om lekkasjen.

Kitty Eide

Arkivfoto: Kitty Eide i Shell er kommunikasjonssjef for Draugen- og Ormen Lange-feltet.

Foto: Hans Thomas Eikrem

– Det var personell som oppdaga susing frå utsida av rommet der desse gassflaskene stod. Eg vil vektlegge at dette ikkje dreier seg om ein lekkasje frå prosessanlegget, men frå eit rom inne i administrasjonsbygget, seier Eide.

Ho fortel at dei ser alvorleg på situasjonen.

– Vi tek alltid indikasjonar om lekkasjar alvorleg og det er difor vi har evakuert bygninga. Vi ønskjer ikkje at våre tilsette skal vere involvert eller eventuelt eksponert dersom det er ei gasslekkasje, seier Eide.

– Vi har ikkje oversikt over kor mange som var inne i bygget. Dette er eit bygg der det er ganske mange tilsette på dagtid, men dette skjedde utanfor kontortida, held ho fram.

Eide fortel vidare at dei no jobbar for å avklare situasjonen.

– Vi har eit eige beredskapslag her, i tillegg til brannvesen og politi. Vi kjem til å vurdere situasjonen ut over kvelden, seier ho.