Hopp til innhold

Hektisk natt for politiet

Fulle ungdomar, spetakkel og blotting har prega natt til 1. mai. I Molde er fyllearresten full.

- Det er typisk at det er mykje fest natt til 1. mai, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Jan Inge Bugge. Natta har vore travel for politiet. To personar i Molde blotta seg og ein person i Sundalsøra gjorde det same.

Blanda ADHD-medsin med alkohol

Mange unge folk har vore overstadig berusa og laga kvalme. Politiet måtte også hjelpe helsepersonell med to gutar på 16 og 17 år i Molde, som hadde blanda ADHD-medisin med alkohol.

Den eine guten vart sendt til sjukehus for undersøking, den andre guten vart henta av foreldra sine.

Russen ikkje skulda

-Ein del av episodane er det russ som står for, men i dei fleste tilfella er det annan ungdom som er involvert, seier Bugge.

På Shell Bolsønes i Molde måtte politiet ty til pepperspray for å handtere ein person som hadde sovna på do. Han sette seg til motverge då politiet kom.

Køyrde i elv

På Sunnmøre har natta vore langt roligare, men her var det fleire som køyrde i fylla.

Ein person utan lappen, er mistenkt for promillekøyring etter at bilen hamna på taket i ei elv i Sykkylven.

-Ungdommen vart sendt til legevakta for sjekk og her vart det også tatt blodprøver, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Trygve Ødegård.

Ramla på sjøen

Ein mann datt på sjøen i Sjøgata i Ålesund. Mannen i 20-åra vart berga opp etter kort tid og sendt til sjukehuset for undersøking

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL