Hopp til innhold

Fryktar eit større ras i Årsetdalen

Øydeleggingane er store etter vassmassane som herja på Årset i Ørsta fredag. – Det vi fryktar no er at det kjem snø, etterfølgt av nytt mildvêr og regn, seier Håvard Eikebø.

Fryktar ras i Årsetdalen

Håvard Eikebø og Ernst Larsen fryktar det kan komme fleire jordras i dette området.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

På Årset på Vartdal i Ørsta renn vatnet alle andre plassar enn i anleggsrøyra som er lagde ned i området. Små og store røyr stikk rett ut i lufta, medan naturen har laga sine eigne elver rundt.

– Ingeniørar, entreprenørar og Ørsta kommune har jobba med å legge ned anleggsrøyr heilt sidan det store jordraset som tok eit hus i området her for to år sidan, men no er vi like langt, seier Håvard Eikebø. Han ristar på hovudet over den jobben som er gjort her.

Dreneringsrør i Årsetdalen

Vatnet renn utanfor dreneringsrøyra i Årsetdalen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Familiar vart huslause

Det var i november 2013 at eit jordskred gjekk i Årsetdalen. Skredet førte til at to familiar vart huslause og 40 personar vart evakuerte. Eikebø er ikkje imponert over arbeidet som har blitt gjort i ettertid.

– Det er heilt sjukt. Det er gjort for dårleg arbeid. Vi som bur her og ser korleis vassføringa i elva er, ser at røya er for små, seier han.

Han er mest fortvilt på vegne av naboar, som han fryktar ikkje får den hjelpa dei treng i situasjonen dei står i.

LES OGSÅ:

Diskuterer situasjonen

Fredag gjekk det eit lite jordras i området på grunn av enorm nedbør. I dag sit dei som vart mest råka av dei store vassmassene i eit møte for å diskutere kva dei skal gjere.

– Situasjonen er fortvilt, seier Helge Årset. Han vil ikkje uttale seg meir i saka fordi han meiner det ikkje hjelp uansett kor mykje dei har prøvd å sette fokus på problema. For to år sidan vart garden hans øydelagt av raset.

Fryktar nye ras

Håvard Eikebø føler seg ikkje trygg i området.

– Trygge er vi vel ikkje. Det ville vere å overdrive, seier Håvard Eikebø. Han fryktar at heile fjellsida er rasfarleg.

Han står og kikar på dei nye øydeleggingane saman med Ernst Larsen, som også bur i dette området. Dei meiner begge to at bygda må få hjelp til å lage eit nytt løp for vatnet, som vil fortsette å renne ned frå fjellet.

– Det må gravast eit heilt anna løp, slik at vassmassene blir ført rett ned til storelva, Uansett kva slags røyr som blir lagt ned her, vil dei bli fylt med stein, seier Ernst Larsen.

Stein Aam

Ordførar i Ørsta, Stein Aam, kallar inn til nytt møte måndag for å vurdere situasjonen.

Foto: Marta Lystad Johansen

Møte i kommunen

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp) seier at kommunen hadde krisemøte fredag og at han sjølv var på synfaring i Årsetdalen, der han såg dei enorme mengdene med vatn. Han forstår at dei som bur der er bekymra og kallar inn til nytt møte måndag.

– Vi skal sjå på forholda og finne ut om tryggleiken er bra nok. Det må fagfolk vurdere, seier Aam.

Se hvordan jordskredet har herjet med bebyggelsen, og hør hva innbyggerne og lensmannen har å si om saken.

Slik såg det ut i Årsetdalen etter raset i 2013.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL