Hopp til innhold

Møbelbedrifta Furnia konkurs i Sykkylven

Seks personar mistar jobben når møbelbedrifta Furnia i Sykkylven i dag har slått seg konkurs.

Hjellegjerde

Furnia tok over dei gamle lokala til Hjellegjerde i Sykkylven. Eitt år etter oppstarten er bedrifta konkurs.

Foto: Frode Berg / NRK

Lars Urtegård

Lars Urtegård er dagleg leiar i møbelselskapet Furnia.

Foto: Remi Sagen / NRK

Furnia blei etablert for eitt år sidan, og var eit samarbeid mellom møbelbedriftene Sandvik i Ørsta, Ra-Jo i Sykkylven og Vest-Møbel i Sykkylven.

No er bedrifta konkurs. Det er opna konkurs i buet via Sunnmøre tingrett, får NRK stadfesta.

Furnia eig Sandvik møbler og Ra-Jo møbler. Det er førebels uklart kva som vil skje med dei.

NRK har vore kontakt med dagleg leiar Lars Urtegård i Furnia, men verken han eller styret vil uttale seg på noverande tidspunkt. Dei stadfestar derimot at Furnia er konkurs.

NRK følgjer saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL