Hopp til innhold

Fulltreffar med nytt skianlegg

I helga vert det arrangert eit storstilt Vestlandsmeisterskap i skiskyting i nye skianlegg på Reset i Volda.

Rennleiar Rune Totland til høgre, og standplassjef Leif Tore Telseth

Rennleiar Rune Totland til høgre, og standplassjef Leif Tore Telseth er nøgde med det nye skianlegget.

Foto: Volda TIL skiskyting

– Eg var litt nervøs i går, dette er trass alt det største arrangementet vi har hatt her så langt, seier Rune Totland, leiar i VTI Skiskyting.

Idrettslaget har dei siste åra gjort ein omfattande jobb med å bygge ut skianlegget i Volda.

Varmestove Volda skisenter

Arbeidet med varmestova blei ferdig fredag. I bakgrunnen kan ein sjå alpinbakken ved Volda skisenter.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

For to år sidan stod den nye skytebana klar, men lite snø i fjor sette ein stoppar for skiarrangement ved anlegget då. I år er derimot ikkje dette eit problem, til stor glede for arrangørane.

– Vi har hatt nysnø begge dagane, så det er berre heilt fantastisk, seier Totland.

Langrennsgruppa har også gjort ei grundig utbygging av løypa, og i ettertid har også ein ny stadion og ei varmestove kome på plass. Det nye anlegget er topp moderne og eitt av tre fullelektronisk anlegg i Noreg. Denne helga var det endeleg klart for å ta i bruk skianlegget, og dei siste detaljane kom på plass akkurat i tide til Vestlandsmeisterskapet.

– Varmestova blei ferdig fredag kveld, så vi rakk det akkurat, seier Totland og ler.

Resultata kan du sjå her.

Fleire hundre påmelde

Idrettsklubbar frå fleire stadar på Vestlandet har denne helga tatt turen til Reset skisenter i Volda for å konkurrerer under Vestlandsmeisterskapet i skiskyting.

I løpet av helga skal det konkurrerast i totalt 32 forskjellige aldersklasser frå ni år og heilt opp til senior- og veteranklasser.

Laurdag stilte 160 personar til start under sprinten, og søndag blir det om lag 170 deltakarar som stiller til start i normaldistansen. Arrangørane er så langt nøgd med meisterskapet.

– Det er utruleg kjekt, i alle fall når ting går så bra som det har gjort så langt, seier Totland.

Saka held fram etter videoen.

 Vestlandsmeisterskap i skiskyting i Volda.

Meistring er viktig

Hektisk skismørjing, oppvarming i bakken, lyden av skot som treffer blinken og heiarop frå publikum prega skianlegget denne helga.

Skiskyterarena Volda

To av deltakarane inne til skyting.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Barn og vaksne i alle aldrar og med ulikt ferdigheitsnivå stilte spent til start. For nokre var det berre gøy, for andre var det blodig alvor.

Totland var glad for at så mange hadde tatt turen, både for å delta og for å sjå på. Han meiner det er viktig å vise breidda som finst innanfor skiskyting.

– Eg meiner det er positivt at barn og unge kan kome hit og sjå at dei ikkje må vere like gode som dei skiløparane dei ser på tv, Totland.

– Det viktigaste er at dei føler at dei meistrar noko. Dei treng nødvendigvis ikkje å vere den beste, men berre det å delta kan vere med på å styrke meistringskjensla deira, held han fram.

Håpar på auka rekruttering

VTI Skiskyting har sidan oppstarten i 2009 hatt ein stabil medlemsvekst, og har no om lag tretti medlemer.

– Det høyrast kanskje lite ut dersom ein samanliknar det med fotball, men skiskyting krev litt meir i forhold til logistikk og sikkerheita rundt våpena, seier Totland.

Han ynskjer likevel fleire medlemer velkomne og håpar at det nye anlegget kan bidra til å auke rekrutteringa til skisporten.

– No har vi eit nytt og flott anlegg, der alt ligg til rette for optimal trening og meisterskap, seier Totland.

Skiskyting Volda

Skytebana blei bygd for to år sidan. No har det også kome på plass eit stadion.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL