Molde jublar - Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Full jubel i Molde!

Molde vann 5-1 over Vålerenga på Aker Stadion laurdag kveld.

Laurdag kveld skulle Molde bryne seg på Vålerenga med landslagskaptein Martin Andresen i spissen.

Det skulle vise seg at vertane ikkje hadde noko å frykte.

Tok leiinga

Gjestane skåra allereie etter 12 minutt. Målskårar Mohammed Abdellaoue er aleine med keeper og skyt ballen rolig til sida for Jan Kjell Larsen.

Molde sin Jose Mota utliknar like før dommaren bles av til pause. Han tar imot ballen på bakerste stolpen og sett ballen rett opp i nettaket.

1-1 og uavgjort til pause.

Snudde kampen

Andre omgang skulle vise seg å bli audmjukande for Oslo-laget.

Allereie tre minutt ut i andre omgang får Daniel Berg Hestad eit kjempetreff og skyt ballen via stolpen og inn i mål.

Daniel Berg Hestad. Mål mot Vålerenga. - Daniel Berg Hestads skudd går forbi Vålerengas keeper Troy Perkins og i mål. - Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Daniel Berg Hestads skudd går forbi Vålerengas keeper Troy Perkins og i mål.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Etter spelte 60 minutt finn Berg Hestad P. Diouf som legg ballen inn til Mame Biram Diouf like framfor mål. Senegalesaren får ei enkel oppgåve og skyt ballen rett inn i det opne målet.

Moldesupporterane må ikkje vente lenge før neste høgdepunkt, for berre tre minutt etter Diouf sitt mål, kjem Mota med eit innlegg som treff Berg Hestad, som headar ballen i mål.

Moldespillerne feirer Jose Mota sitt 5-1 mål. - Moldespillerne feirer Jose Mota sitt 5-1 mål. - Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Moldespillerne feirer Jose Mota sitt 5-1 mål.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Vertane er overlegne, og 75 minutt ut i kampen er sigeren eit faktum når Jose Mota skårar sitt andre mål for kvelden. Han står aleine på 16 meter og treff rett i krysset.

Etter 90 minutt er stillinga 5-1 til Molde, som har regelrett trampa over Vålerenga!

I siget

Molde har no to uavgjort og to sigrar på dei fire siste kampane.

Etter 14.serierunde har dei 18 poeng og rykk stadig nærare midten av tabellen.

Molde tok sin første heimesiger då Ham Kam vart slått 2-0 i nest siste seriekamp. Vålerenga kjem frå ein sterk 3-1 bortesiger mot Strømsgodset i siste runde.

Molde hadde god statistikk heime mot Vålerenga. Molde har vunne 13 av 24 kampar, fem kampar har endt uavgjort, mens Vålerenga har vunne 6 gongar.

Sjå referat frå heile kampen her

(NRK)

Siste video/lyd

Krigshelten Joachim Rønneberg (95) fekk ambassadørar, forsvarsmenn og Prinsesse Astrid til å skratte høglydt under middag i Ålesund.
Prinsesse Astrid Fru Ferner fikk æren av å avduke Rønneberg-statuen
Sjekk ut sporten diskgolf