Hopp til innhold

– Eg håper Molde stiller toppa, men at Fredrikstad vinn

Tidlegare Molde- og Fredrikstad-spelar Jan Fuglset slit litt med følelsane i før siste serierunde. – Eg er glad Molde blei meister i førre serierunde, seier moldensaren.

Fredrikstad i 1971

Jan Fuglset, nummer to framme frå venstre, var ein del av Fredrikstad mellom 1967 og 1972.

Foto: NTB scanpix

– Eg var i Fredrikstad seinast no i haust, på reunion frå det siste laget eg spelte på der nede.

Det er svært mange år sidan Jan Fuglset spelte i Fredrikstad. Likevel er banda til klubben sterke.

Fuglset starta toppkarrieren i Molde i 1963, før han i 1967 drog til Fredrikstad. I 1973 kom han tilbake til Molde.

Han var ein av landets største målscorarar, med ei fantastisk karriere i begge klubbane. No er det ikkje utelukkande enkelt for den 67 år gamle moldensaren.

For hjartet er i begge byar, og Fredrikstad må slå Molde for å ha sjanse til å berge plassen.

Jan Fuglset

Jan Fuglset er ei legende i både Fredrikstad og Molde. Han var kjent som ein notorisk målscorar på 60- og 70-talet.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Må tenke på omdømme

Molde sikra seriegullet allereie førre helg, noko Fuglset er svært fornøgd med.

– Eg var veldig glad for at Molde blei meister i førre runde, og at dei ikkje måtte reise til Fredrikstad for å sikre gullet, seier Fuglset.

No fryktar derimot dei andre i nedrykkskampen, Sogndal, Sandnes Ulf og Hønefoss eit lite kamplystent Molde.

– No må han Ole Gunnar sjølvsagt tenkje på omdømmet til klubben. Han må tenkje på dei andre laga som kjempar om å overleve i Eliteserien.

– Sånn sett har klubben ein forplikting til å stille med sitt beste lag, meiner Fuglset.

Jan Fuglset

Her spelar Jan Fuglset cupfinale i 1971 for Fredrikstad.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Kan slå begge vegar

I førre serierunde slo Fredrikstad Rosenborg på bortebane. Likevel dei slå Molde på heimebane for å ha ei moglegheit til å halde plassen.

– Kampen kan slå begge vegar. Eg håper FFK vinn og klarer seg, samtidig som eg håper Molde stiller med sitt beste lag. Vinn Fredrikstad då, så fortener dei å vere i Eliteserien.

For han håper på raud og kvit siger i siste serierunde. Då han sjølv var i Fredrikstad var klubben på topp.

– Eg kom dit som totalt ukjent, men gjorde det ganske bra.

– Det var jo Fredrikstad som var laget den gangen i Noreg. Det var «Aristokratane». Tida sit framleis i, fortel Fuglset.

No er altså Molde det leiiande laget i Noreg. Fredrisktad kjempar for det vidare livet på øvste nivå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL