Hopp til innhold

Fryktar ungane må vere heime frå skulen lenge

Urolege foreldre fryktar at ungane skal bli gåandes heime i vekevis. I dag tidleg varsla Utdanningsforbundet stengde dører ved skulestart og tusenvis av lærarar i streik.

Fire syskenbarn på leikeapparat

Småsyskena Sofie Klepp-Groven (4) og Jonas Groven (4) kan få meir tid framover til å leike med storebrørne Emil Klepp-Groven (7) og Sondre Groven (11) dersom det blir streik. Då kan dei største stå utan tilbod ved skulestart.

Foto: Synnøve Hole

Det er berre litt over to veker til skulen startar opp igjen, og over 600 000 elevar over heile landet står snart klare til å finne fram skulesekken. Men dei kan møte stengde dører, dersom lærarstreiken blir trappa kraftig opp.

– Det skaper store utfordringar i forhold til barnevaktsituasjonen. Vi har begge jobbar som krev at vi stiller, så vi kjem til å slite veldig når det blir lærarstreik, seier trebarnsfaren Torbjørn Groven.

Les også:

Fleire tusen lærarar i streik

Foreldre over heile landet kan få problem med å finne pass til ungane sine. Fleire tusen lærarar kan gå ut i streik samstundes som skulane opnar igjen. Det varsla Utdanningsforbundet onsdag morgon. Først fire dagar før skulestart blir det truleg klart kva for skular som blir råka.

– Det trur eg blir veldig problematisk for mange. Nokre må kanskje ta med seg born på arbeid eller rett og slett ta seg fri. Det er jo ikkje så enkelt å få pass, seier Rut Haagensen Nakken. Onsdag var ho på Atlanterhavsparken i Ålesund saman med dottera og dotterdottera.

Får passe hunden til mormor

Rut Haagensen Nakken

Mormor Rut Haagensen Nakken står klar til å passe barnebarnet Karoline (6), dersom det blir streik i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole

Rut Haagensen Nakken er mormor til Karoline Nakken Henriksen (6), som skal begynne i 2. klasse etter sommarferien. Ho er innstilt på å stille opp dersom det blir nødvendig.

– Eg har hund og ho likar å gå tur med hunden, og vi har eit veldig bra forhold, så det blir ikkje noko problem, vi skal nok finne på noko, seier ho.

Får støtte frå gamal lærar

1. juli blei 36 lærarar tekne ut i streik på Rothaugen skole i Bergen. Det skjedde etter at 73 prosent av lærarane – i uravrøystinga – sa nei til avtalen mellom Utdanningsforbundet og KS. Det er innhaldet i den føreslådde arbeidstidsavtalen som skaper problem. Han inneber at lærarane blir pålagde å vere på skulen 7,5 timar kvar dag, og at rektorane lokalt får større styring med arbeidstida.

Les også:

I Ålesund får dei onsdag støtte frå ein tidlegare lærar, no trebarnsfar med store utfordringar, dersom det blir streik.

– Som gamal lærar har dei min fulle sympati, dei bør ha den fleksibiliten dei har. Eg skjønar godt at dei streikar, seier Torbjørn Groven. Han trur – og fryktar – at det kan bli langvarig.

– Fint med fri

Åtte år gamle Håkon Groven er ikkje det minste uroa over at skulen kan bli stengd. Det syns han er heilt fint.

– Eg syns det berre er bra dersom skulen ikkje begynner på igjen, for eg likar å ha fri. Eg kan besøkje kompisar, seier han.

– Blir ikkje det kjedeleg i lengda?

– Nei, no har eg jo hatt sommarferie lenge, og det har ikkje blitt kjedeleg, seier Groven junior.

Torbjørn Groven med dei tre gutane sine bak

Torbjørn Groven med gutane sine Sondre (11), Jonas (4) og Håkon (9. Dei to eldste kan stå utan eit tilbod dersom lærarane trappar opp streiken i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole

Ber andre om hjelp

Men for foreldra i huset skaper den varsla opptrappinga av streiken utfordringar. No håper dei å få hjelp av andre.

– Vi må nok stole litt på vener, sysken og kanskje besteforeldra. Men no har dei så mange barnebarn, 15 totalt, at det blir vanskeleg for oss å få det til å gå opp, sukkar Torbjørn Groven.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL