Hopp til innhold

Fryktar tusenvis i ekstrautgifter for å krysse fjorden på jobb

For ekteparet kan det bli så dyrt å ta ferje til og frå jobb, at dei må kutte ned på fritidsaktivitetane til barna.

Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek på ferjekaia på Linge

Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek er avhengig av ferje for å komme seg til og frå jobb.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE: Seint måndag kveld blei det klart at politikarane ikkje vil gå inn for den ekstra takstauken for fylkesvegferjene. Dei går samstundes inn for å innføre Autopass frå 1. juli.

Småbarnsforeldra Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek frå Norddal på Sunnmøre kjem til å merke det kraftig på lommeboka dersom politikarane vedtek å auke billettprisane på 20 ferjestrekningar i fylket. Fylkeskommunen er i ein tøff økonomisk situasjon og må hente inn 50 millionar kroner på samferdsel.

– Det kjem til å hindre oss i å leve eit liv som folk flest ser på som sjølvsagt. Allereie med dagens prisar er det spinn hakke dyrt, seier Melchior.

Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek saman med sonen Martinius

Trebarnsforeldra har bygt seg nytt hus i Norddal. Planen er å ta over garden Hilde Ljøen Melchior kjem frå.

Foto: Remi Sagen / NRK

Avhengig av ferja

Ekteparet har bygt seg hus i bygda Norddal, med 150 innbyggjarar. Med tida skal dei ta over heimgarden hennar. Begge må krysse fjorden for å kome seg på jobb og dei må ha kvar sine bilar fordi dei skal i ulike retningar. I tillegg er familien avhengig av ferja for å delta i fritidsaktivitetar fleire gongar i veka.

Med rabatt betalar dei to rundt 37 000 kroner, berre til og frå jobb i dag. Det er bestemt at prisane skal auke med to takstsoner. I tillegg foreslår fylkesrådmannen å auke med ytterlegare ei sone. Dersom det blir innført Autopass også, hadde paret måtte ut med over 60 000 kroner. Autopass betyr at det blir gratis for passasjerar, men dyrare for bilane.

– Eg blir både sint og fortvila. Vi må prioritere bort ting for å få tak i pengane. Det blir begrensande for oss, seier Melchior. Sjølv om dei får pendlarfrådrag på skatten, vert ferjeturane dyre.

Paret vurderar ulike løysingar for å gjere pendlinga billegare. Ein plan er å kjøpe båt eller ein gamal bil som kan stå parkert på andre sida av fjorden. Å kutte i fritidsaktivitetane til barna og avgrense reisinga elles er også aktuelt.

Hilde Ljøen Melchior jobbar som fysioterapeut

Hilde Ljøen Melchior jobbar som fysioterapeut. Ho må avslutte arbeidsdagane tidleg for å vere sikker på at ho får plass på ferja.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ferjeopprør

I Møre og Romsdal er tusenvis av innbyggjarar avhengig av ferje for å kome seg til jobb, skule eller lege.

Den føreslåtte takstauken har skapt sterke reaksjonar. På Facebook har protestgruppa mot auka ferjetakstar 21.000 medlemmar. Dei har gått i fakkeltog og aksjonert på ferjekaiene. Måndag var det demonstrasjon i Molde.

– Målet er å hindre at billettprisane aukar, seier Joachim Orvik.

I tillegg til auka priser, er det også foreslått å kutte ned på ferjetilbodet fleire stadar, slik at ferjene går sjeldnare. Orvik meiner det gjer kvardagen for mange vanskeleg.

Demonstrasjon mot auka ferjetakstar i Molde i dag.

Det har vore fleire demonstrasjonar mot auka ferjeprisar. Måndag møtte demonstrantar opp i Molde.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Får for lite overføringar

Det var i fjor at fylkespolitikarane vedtok å auke billettprisane to takstsoner, men det blir ikkje innført før over nyttår alle stader. I tillegg er det forslag om å auke taksten ytterlegare ei sone.

Tysdag skal saka avgjerast i fylkestinget, men måndag kveld føregår det intens møteverksemd mellom fleirtalspartia. Sunnmørsposten skriv at den tredje takstauken for ferjene ikkje blir vedteken.

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) seier til NRK at det ikkje kjem til å bli fleirtal for forslaget frå fylkesrådmannen, men utover det er ikkje detaljane på plass.

Betyr det at den eine takstauken blir kutta ut?

– Det kjem vi tilbake til under debatten i fylkestinget, seier Torve.

Ho forstår at folk som er avhengig av ferja er frustrerte. Ho meiner ferjedrifta er kraftig underfinansiert frå staten og at Møre og Romsdal får 180 millionar kroner for lite.

– Difor må vi dekke inn dette både gjennom å kutte i budsjetta på til dømes vidaregåande opplæring og kultur, og auke billettinntektene på ferje og buss seier Torve.

Tove-Lise

Fylkesordførar Tove-Lise Torve meiner fylket får for lite pengar til ferjedrifta.

Foto: Roar Strøm / NRK

–Har fått pengar

Samferdselsminister Jon-Georg Dale (Frp) forstår at folk reagerer på den kraftige prisauken på ferjebillettane.

– Møre og Romsdal ser ut for å vere einaste fylke som legg på prisane så mykje. Staten gjer det ikkje på sine riksvegferjer, seier Dale.

Han meiner regjeringa har styrka fylkeskommunen sin økonomi for å handtere ferjekostnadane og at politikarane dermed bør prioritere ferjer framfor andre tiltak.

Kjem de til å løyve meir pengar?

– Staten har løyvde meir pengar, seier Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)

Samferdselsminister Jon-Georg Dale meiner fylkeskommunen har fått pengar for auka ferjekostnader.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Dårleg tilbod

I Norddal har ekteparet levert barn på barnehage og SFO før dei kryssar fjorden, klare for ein ny arbeidsdag. Hilde jobbar som fysioterapeut og må jobbe kortare dagar for å vere sikker på å få plass på ferja heim. Dersom ho hentar barna for seint, får ho mulkt frå kommunen. For henne heng ikkje takstauken på greip. Ferjeprisane skal opp frå nyttår, sjølv om politikarane kanskje ikkje vedtek den tredje takstauken.

– Hadde det vore slik at ferjetilbodet vart betre, men det blir det jo ikkje. Vi må leve med lange ferjekøar og dårleg kapasitet, seier Melchior.