Hopp til innhold

Fryktar kroken på døra grunna støy

Eigaren av ein campingplass i Skodje er fortvila over det blir drive tømmertransport på nabotomta. Med høg lyd og mykje støy skremmer tømmerarbeidet vekk turistane, og no kan det gå mot kroken på døra for campingplassen.

Eigaren av ein campingplass i Skodje er fortvila over det blir drive tømmertransport på nabotomta. Med høg lyd og mykje støy skremmer tømmerarbeidet vekk turistane, og no kan det gå mot kroken på døra for campingplassen.

Jan Heming Dale som er eigar av Solnørvika Fritid i Skodje fryktar kroken på døra for campingplassen. Han opplever at turistane blir skremt vekk av støyen frå tømmertransporten på nabotomta.

Jan Heming Dale

Like ved campingplassen er det ein tømmertransport. Eigarane opplever at mykje støy frå nabotomta skremmer vekk turistane.

Foto: Kristoffer Antonsen / NRK

– Det er støy, støy, og atter støy, seier Jan Heming Dale som er eigar av Solnørvika Fritid i Skodje.

Sjølv om det er aldri så vakkert på Solnørvika fritid, så er det store utfordringar for dei som har campingplassen som levebrød.

– Det er kroken på døra, enkelt og greitt. Me må ha tider i løpet av året kor det er fredeleg, og på kveldane og på morgonane må også folk ha fred. Det er både ungar og eldre folk som er her, seier Dale.

Arbeidde på nasjonaldagen

Dale opplever at turistane rømmer frå campingplassen, og til og med på sjølvaste nasjonaldagen i år var det tømmertransport på nabokaia, både ettermiddag og kveld.

– Folk var sjokkerte. Me hadde nokon få gjestar her på campen, og dei trudde ikkje sine eigne auge, seier Dale.

– Her sat dei kledd i bunad, kosa seg og naut grunnlovsdagen. Og det med eit slikt spetakkel. Me heldt på å byrje å grine, legg han til.

Påklaga vedtak

Ulf Lucasen

Assisterande miljøverndirektør Ulf Lucasen hjå Fylkesmannen ynskjer både ein velfungerande kai og gode forhold for turistaktivitetane i området.

Foto: Kristoffer Antonsen / NRK

Det skal normalt ikkje vere aktivitet på kaia på sommarnetter og helgedagar, heiter det i eit vedtak frå fylkesmannen. Vedtaket har begge partar klaga på.

– Me ynskjer å få til at me både kan ha ein velfungerande kai og gode forhold for turistaktivitetane som er i nabolaget, seier assisterande miljøverndirektør Ulf Lucasen hjå Fylkesmannen.

Selskapet Allskog seier seg lei for tømmerlastinga på 17. mai. Organisasjonssjef Oddny Estenstad seier dei prøver å unngå helge- og natteaktivitet, men at det nokre gonger ikkje er mogeleg.