Hopp til innhold

Fryktar fleire vil melde seg ut av Høgre

– Det blir ein krevjande jobb å få på plass nye folk i toppleiinga i Kristiansund Høgre, seier fylkesleiar Geir Ove Vegsund

Geir Ove Vegund

Fylkesleiar Geir Ove Vegsund meiner det er feil at ordførarkandidaten og styreleiaren i Kristiansund Høgre har blitt pressa til å tie om sjukehussaka.

Foto: Andre Eidskrem

Fredag vart det kjent at ordførarkandidaten og styreleiaren i Kristiansund Høgre melder seg ut i protest.

Både ordførarkandidat Vidar Solli og styreleiar Tore Gujord seier at dei har blitt knebla i sjukehussaka av den sentrale partileiinga.

– Krevjande situasjon

Fylkesleiar i Høgre, Geir Vegsund, synest situasjonen er vanskeleg.

– Det er frykteleg trist at dei no har vald å melde seg ut av partiet. Når dei som står på topp på lista vel å trekkje seg, seier det seg sjølv at det er ein krevjande situasjon.

Vidar Solli
Foto: Kristiansund Høyre

Måndag denne veka hadde Kristiansund Høgre besøk av den sentrale partileiinga. Ifølgje Tidens Krav var det etter dette oppvaskmøtet det toppa seg for ordførarkandidaten og styreleiaren.

– Slik vi oppfatta det vart det sett ein del ultimatum om at vi små slutte å diskutere sjukehussaka dersom vi skal vente å få støtte til andre viktige saker framover, sa Solli til NRK fredag.

Han føler dei på møtet fekk ei sterk oppmoding eller ein trugsel frå partileiinga, noko han ikkje er interessert i å vere med på.

Fryktar fleire utmeldingar

Fylkesleiar i Høgre, Geir Vegsund, derimot, meiner dei to ikkje har blitt pressa til å halde tilbake meiningane sine i sjukehussaka.

– Dette er to politikarar som har stått på for sjukehussaka og hatt klare meiningar om den, og vi har akseptert at dei har det synet som dei har.

Vegsund seier at det som vart poengtert på møtet var at det er viktig å fokusere også på andre saker framover mot valet i haust.

No fryktar fylkesleiaren at fleire kan kome til å melde seg ut av partiet.

– Vi må vere så realistiske at vi tenkjer at det kan skje.