Hopp til innhold

Fryktar fleire ulukker i barnehagen

Kommunar over heile landet må spare pengar på barnehagedrifta. Tillitsvald Turid Stette i Ellingsøy barnehage, meiner at færre tilsette aukar risikoen for at det kan skje ulukker.

Turid Stette på Ellingsøy barnehage

Turid Stette er tillitsvald i Utdanningsforbundet i Ellingsøy barnehage. Ho er uroa for at nedbemanning i barnehagane kan føre til ulukker.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fredag 28. juni 2014 døydde fire år gamle Adrian Gjærde etter at han fekk ei snor frå ein ryggsekk rundt halsen i garderoben i Blindheim barnehagen. Ingen veit kor lenge guten frå Ålesund var utan tilsyn, men det kan ha vore over 30 minutt.

Ulukka gjorde sterkt inntrykk på barnehagetilsette i heile landet og ifylgje Private barnehagers landsforbund endra mange rutinane sine i etterkant. Også ved Ellingsøy barnehage i Ålesund vart rutinane gjennomgått. Likevel er tillitsvald Turid Stette uroa.

I Ålesund kommune har barnehagane vore gjennom ei runde med nedbemanningar for å spare pengar. Det betyr færre tilsette og mindre vikarbruk når tilsette vert sjuke.

– Til færre folk vi er, jo vanskelegare er det å gjennomføre alle rutinane. Mykje av tida til barnehagetilsette går med til andre ting enn å vere heilt nær barna, seier Stette.

Trur det vil skje igjen

Den tillitsvalde trur det er tilfeldig at ulukka der Adrian døydde, skjedde akkurat i Blindheim barnehage.

Stette understrekar at barnehagane gjer alt dei kan for at det skal vere tryggast mogleg, men at det er umogleg å heilgardere seg.

– Ungane er i barnehagen opp til ni timar kvar dag og sjansen for at ei ulukke skjer er større til færre vaksne vi blir, hevdar Stette.

Også Utdanningsforbundet sentralt seier det ikkje er første gongen dei høyrer dette frå tillitsvalde. Nestleiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal seier at det er god grunn for å ta uroa på alvor.

LES OGSÅ:

Må spare

Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal seier at tryggleiken er bra, sjølv om det vert færre tilsette i ålesundsbarnehagane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ålesund kommune må spare over 70 millionar kroner i år. 2,9 millionar kroner skal kuttast i dei kommunale barnehagane og seks årsverk forsvinn.

– Det er klart det gir ein del utfordringar å nedbemanne i barnehagane, men vi er opptekne av tryggleiken for barna. Det står i første rekkje, seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal.

Stort ansvar

Turid Stette skulle ynskt at ikkje alt handlar om pengar og at det vert lovfesta kor mange vaksne det skal vere per barn.

– Det er eit stort ansvar å ta vare på andre sine barn, seier Stette.