Hopp til innhold

Fryktar at klasseturen til Italia går i vasken

I to år har elevane ved Sjøholt skule jobba dugnad for å samle inn 200.000 kroner til Italiatur. Streiken i Norwegian kan spolere turen.

Sjøholt skule

10.-klassingane ved Sjøholt skule skal etter planen til Italia torsdag. Streik kan stanse turen.

Foto: Audun Rørstad

Stemninga er både dyster og spent i 10. klasse ved Sjøholt skule på Sunnmøre. Etter planen skal 30 elevar og tre lærarar dra til Italia på skuletur torsdag. Tallause timar med dugnad ligg bak for å ha råd til studieturen som totalt kostar 200.000 kroner. Turen bestilte dei for eitt år sidan. No kan streiken i Norwegian sette ein stoppar for elevane.

– Situasjonen verkar rimeleg fastlåst, så det er fare for at heile turen ryk. Elevane har gledd seg veldig og det er klart dei er skuffa dersom dei ikkje får reise, seier lærar Audun Rørstad.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Får ikkje att pengane

Skulen har vore i kontakt med reisebyrået og fått beskjed om at dei mest truleg får refundert flykostnadene. Problemet er at det dei har førehandsbetalt til hotell og utflukter i Italia, ikkje vert dekt. Dermed taper klassen rundt 100.000 kroner. Nokon ny Italiatur har dei dermed ikkje råd til.

– Dersom turen blir avlyst må foreldre og skulen diskutere kva vi skal gjere. Vi må sjølvsagt få til eit anna alternativ, seier Rørstad.

Håper framleis

Petter Elias Vestre Røkke

Petter Elias Vestre Røkke har ikkje gitt opp draumen om å dra til Italia.

Foto: Audun Rørstad

Petter Elias Vestre Røkke er ein av elevane som skal av garde. Han har sett fram til å reise på tur med klassa i lang tid. Det han har gledd seg mest til er å besøke Vatikanstaten og Colosseum.

– Alt håp er ikkje ute. Vi må berre møte opp på flyplassen torsdag og sjå kva som skjer, seier Vestre Røkke.