Samferdsel har vore eitt av dei store områda som har vore mykje debattert på FrP sitt landsmøte i helga. No går partiet inn for å auke perioden for ferjesubsidiar til 50 år, og håper dermed på å framskunde fleire ferjeavløysingsprosjekt i Møre og Romsdal.
– Det betyr enormt mykje for dei store fjordkryssingsprosjekta i Møre og Romsdal at ferjesubsidiane blir utvida, seier Frank Sve.
– Betre å betale bompengar og bli ferdige med det
At FrP no har programfesta at 50 år med ferjesubsidiar kan leggast til grunn for finansieringa av fjordkryssingsprosjekt, ser Sve på som ein stor siger for Møre og Romsdal.
– Dette er eit veldig viktig prinsipp, som har site langt inne for FrP. Vi er no imot bompengar på alt anna.
Men når det gjeld store ferjeavløysingsprosjekt, har partiet no altså vorte einige om at bompengar er ok.
– Vi i Møre og Romsdal FrP meiner at med dei 22 ferjestrekningane Møre og Romsdal har ansvaret for, så er det betre at vi betalar bompengar i 20 år og blir ferdige med det.
Nordøyvegen
Frå 2014 vil ein kunne få 99 millionar kroner i året i ferjesubsidiar, som igjen kan brukast på bruer og tunnelar.
– 50 år med ferjesubsidiar vil kunne føre til at store ferjeavløysingsprosjekt i Møre og Romsdal, som Nordøyvegen, Langfjordtunnelen, Storfjordsambandet, Rovdefjordbrua og Sande fastlandssamband langt på veg vil vere sjølvfinansierande.
Sve peikar spesielt på Nordøyveg-prosjektet, som vil avløyse to ferjer dersom bruer og tunnelar kjem på plass.
– Dersom vi ikkje no bygg bru og tunnelar til Nordøyane, må innbyggjarane der betale bompengar til evig tid med ferje.
Borgarleg semje
No håper Sve på at ei borgarleg regjering vil kome på plass, slik at ein får fortgang på samferdselsprosjekta.
– Høgre har langt på veg gjort same vedtak som FrP no har gjort. Eg ser at dei borgarlege partia no har lagt til grunn eit system som gjer at vi no kan gjennomføre mange av dei store prosjekta.
Sve understrekar at det er svært viktig at dei borgarlege partia er samde i prinsippa som skal til for å kunne finansiere ferjeavløysingsprosjekta.
– Her er bruken av ferjesubsidiar heilt avgjerande. Det er utruleg viktig for Møre og Romsdal FrP at vi no har fått støtte frå landsmøtet på dette.