Hopp til innhold

To til legevakta etter utforkøyring på E39

Det som blei meldt som front-mot-front-kollisjon viste seg å vere eit utforkøyring på E39 i Ørskog. To personar har blitt tatt hand om av helsepersonell.

Ulukke i Tøssesvingen

– Vi er på veg til ei trafikkulukke i Tøssesvingen, sa operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt til NRK klokka 15.20.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15.09. Ulukka skjedde på E39 ved Tøssesvingen i Ørskog kommune.

Ikkje front mot front

– Det er front mot front i ei 70-sone, men vi har ikkje kome til staden enno, sa operasjonsleiar Reite først.

Informasjonen om front-mot-front-ulukke viste seg å vere feil.

– Det viste seg å vere eit utforkøyring, ikkje front mot front som meldt inn.

Det var éin bil med to personar i som køyrde av vegen.

– Dei to er køyrde til legevakta for sjekk. Dei er tilsynelatande uskadde, opplyste Reite til NRK 15.40.

Vegen er rydda og trafikken flyt som vanleg, opplyser politiet klokka 16.45.