Hopp til innhold

Framtidas høgskuleorganisering

Studieåret er i gang for studentane ved dei tre høgskolane i fylket, Volda, Ålesund og Molde. Framleis tre sjølvstendige høgskolar, men for kor lenge?

Dei regionale høgskulane i møre og romsdal

FRAMTIDA: Korleis vil framtida sjå ut for fylkets høgskular? Før fyrste november må høgskulane vurdere om dei kan styrke seg sjølv gjennom ei samanslåing.

Foto: Janne Brit Aasen, Gunnar Sandvik, Høgskolen i Ålesund / NRK

– Kven som skal slå seg saman er ikkje berre eit spørsmål om tid og storleik, men det er også eit spørsmål om kven som passar saman, seier Halgeir Gammelsæter, rektor ved Høgskulen i Molde.

Regjeringa har gitt høgskulane i oppdrag å svare innan fyrste november om dei kan styrke seg sjølv og gi betre kvalitet gjennom ei samanslåing.

I Molde var det i dag opning av studieåret ved Høgskolen med 2500 studentar – 300 av dei med studiestad i Kristiansund.

Kvalitet viktig

Rektoren meiner kvaliteten på tilbodet vil vere ein viktig faktor i ei eventuell samanslåing av Høgskular.

Høgskulerektor Halgeir Gammelsæter

KVALITET: Halgeir Gammelsæter meiner kvalitet er ein viktig faktor dersom ein skal vurdere samanslåing.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det arbeidet som er sett i gong av regjeringa skal føre til betre kvalitet på undervisninga og forsking i Noreg, seier Gammelsæter.

– Då vil det vere sentralt kven ein kan bygge desse kvalitetane med, held han fram.

Gammelsæter meiner at nærleik nødvendigvis ikkje er ein garanti for god kvalitet.

– Det er ingen klar samanheng mellom kven som ligg nærast og kven som passar best saman, seier han.

Ikkje vurdert

Til trass for at regjeringa har bedt høgskulane om å vurdere om dei kan styrke seg sjølv gjennom ei samanslåing seier rektoren at dei enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil svare.

– Per i dag har vi ikkje noko styrevedtak på ei slik samanslåing. Det har heller ikkje vore diskutert i styret i kva grad vi ynskjer dette, seier han.

Likevel innrømmer han at dei skal vurdere problemstillinga utover hausten.

– Vi skal jobbe med det, diskutere det i organisasjonen og informere styret. Så får vi sjå kva svaret blir, seier han.

Gammelsæter trur det vil vere fleire utfordringar knytt til ei slik samanslåing.

– Det er ikkje gitt at alle høgskulane skal slå seg saman, og det kan vere ulike måtar å samarbeide.

Samarbeid utan samanslåing

Vidare fortel han at dei allereie har innleia samarbeidsforhold med dei ulike høgskulane i fylket.

– Vi har akkurat starta eit formelt samarbeid med Høgskulen i Volda. Det er ein måte å samarbeide på, seier rektoren.

– I tillegg har vi innleia eit forhold til Høgskulen i Ålesund, der vi vil jobbe saman for å fordele oppgåver, og skal konkurrere mindre på dei felta vi har saman.

Gammelsæter trur det blir vanskeleg å seie noko om korleis høgskulestrukturen blir sjåande ut i framtida. Men han innrømmer likevel at han er nøgd med den faglege utviklinga Høgskulen i Molde har hatt dei siste tjue åra.

– For oss vil det vere viktig å vurdere kva som gir oss best mogleg kvalitet, og vi meiner at det sjølvsagt er ei moglegheit for oss å stå aleine også i framtida, seier han.

Samansett problemstilling

Rektoren meiner ei samanslåing ikkje nødvendigvis vil vere ei forbetring.

– Regjeringa har sagt at samanslåing vil kunne vere siste utveg. Samtidig har dei sagt at kartet ikkje er teikna og at dei er villige til å lytte.

I tillegg seier han det er viktig å hugse at slike samanslåingar ikkje er uproblematiske.

– Det kan også føre til store prosessar, vanskelege fusjonar, meir byråkrati og store kostnader, seier Gammelsæter.

– Det er ikkje berre hokus pokus å slå saman gamle institusjonar å tru at ein får noko som er bra, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL