Framleis nynorskfylke

Møre og Romsdal fylke skal framleis i all hovudsak bruke nynorsk som målform. Det vedtok fylkestinget tysdag.  

Ftylkestinget avviste dermed eit framlegg frå Veslemøy Hungnes (H) om språkleg nøytralitet i den fylkeskommunale verksemda.

Vedtaket inneber at alle tilsette i Møre og Romsdal fylke framleis er pålagde å bruke nynorsk i alle offentlege dokument.

 

Siste video/lyd

Det blir oppdaga stadig fleire tilfelle av omskjering og tvangsekteskap i Noreg. Problema er ofte vanskelege å snakke om, men er no tema på ein to-dagars-konferanse i Ålesund.
Skatt er eit tema som kan vere komplisert og dermed kanskje litt kjedeleg for mange. Nettopp difor reiser no byråkratane ut til femteklasseelevar for å starte opplæringa tidleg.
Ei hjelpegruppe for trengande i Ålesund slit med å finne eit lager for ting dei samlar inn.